Grill godt, sløkk etterpå

Kvart år er uvettig grilling årsak til både skogbrann og brann i hus. Dei fleste brannane kunne vore unngått, meiner vi i forsikringsbransjen.

Sommar. Berre ordet gir assosiasjonar til skyfri himmel, sval bris og svaberg – og norsk sommar har òg ein eim av grillmat, ikkje sant? Men sesongen er tid for tørt vêr, og varslar om skogbrannfare. Difor må du alltid tenkje tryggleik, når du skal grille. All grilling med open eld skal skje utandørs, det er fyrste bod, men det er visst ikkje ei sjølvfølgje. I Frende Forsikring har vi faktisk registrert fleire grillskadar innandørs, blant anna kunden som etter matlaging måtte melde at stovegolvet var skada etter bruk av eingongsgrill.

Uforsiktig bruk av grill
Vi ser ofte at uvettig grilling og uforsvarlig handsaming av grill og oske, er årsak til brann. Grilling for tett på husvegg og grilloske i bosset er blant andre brannårsaker skadeavdelinga i Frende har registrert. Generelt kan vi sei at for mykje alkohol og grilling, eller anna bruk av eld, ikkje høyrer saman.

Slik gjekk det med terassen. Skaden kunne vore unngått ved bruk av ei steinhelle eller grilling på eit underlag som ikkje er brennbart. Foto: Frende

Varm i fleire timar

Ifølgje Landbrukets Brannkomite syner døme at ein liten kulegrill med grillbrikettar kan vere varm i mellom sju og ti timar om den ikkje vert sløkt. Eingongsgrillane vert varme på undersida, og vil kunne sette fyr på, eller skade underlaget. Så lenge grillen er varm må du halde den under oppsyn. Og la aldri born eller kjæledyr vere åleine, eller leike, i nærleiken av en tent grill.

Husk å sløkke
Vi er glade i eingongsgrillen her til lands, den er kjapp og grei i bruk, men ikkje fullt så grei å sløkke. Det tar lang tid! I Frende tilrår vi at du nyttar godt med vatn til å kjøle og sløkke. Bruker du ikkje nok, vil vatnet fordampe og sjølv glør inni småvått brensel kan tenne på nytt. Vi må òg minne om at det er generelt forbod mot å gjere opp eld i skog og mark mellom 15. april og 15. september.

Grillvettreglane – grunnleggande tryggleiksråd ved grilling

  • Eingongsgrill/kullgrill
    • Grillen skal stå trygt og stødig med god avstand til brennbart materiale, også frå undersida.
    • Ikkje bruk meir tennvæske enn nødvendig, og aldri på varm grill.
    • Ver forsiktig ved opptenning av grillen.
    • Ha alltid ei bøtte med vatn eller ein hageslange nær grillen. Ved bruk av engangsgrill, ta med ei stor flaske vatn.
    • Pass på at grillen er sløkt, og at oska er kald før den kastast på ein sikker stad. Engangsgrill bør sløkkast med vatn etter bruk.
  • Gassgrill
    • Før du opnar for gasstilførselen på beholdaren, sjekk at alle blussa er stengt.
    • Tenn alltid på grillen med ope lokk straks etter at gasstilførselen er opna.
    • Når grillinga er over, kontroller at både gassblussa og flaskeventilen er stengt.
    • Sjekk slangar jamnleg for sprekkar og lekkasjar.
    • Kjenner du gasslukt og mistenker lekkasje, steng straks av gasstilførselen på gassflaska og flytt flaska til ein sikker stad.
  • Felles for all grilling
    • All grilling skal føregå utandørs.
    • Barn og kjæledyr skal aldri vere åleine eller leike i nærleiken av ein tent grill.
    • Hald grillen under oppsyn så lenge den er varm.
    • For mykje alkohol og grilling høyrer ikkje saman.
    • Ha førstehjelpsutstyr for behandling av brannskadar tilgjengeleg.