Ny femårig sponsoravtale med Førde IL Fotball

1600nyDSC_7753

Sparebanken held fram som generalsponsor for Førde IL Fotball, og har signert ein ny femårig sponsoravtale med klubben. Dette er den største sponsoravtalen banken har.

– Det er kjekt å sjå korleis klubben har utvikla seg. Verdiane våre er veldig like verdiane til førdefotballen; at alle skal få vere med og å skape engasjement. Så dette er noko vi sjølvsagt vil støtte opp under, seier Alexander Dvergsdal, banksjef i ssf.

Flest mogleg, lengst mogleg
I lag med Dvergsdal, var også marknadssjef i ssf Gunn Aase Moldestad og banksjef Roy Stian Farsund til stades for signeringa. Frå Førdefotballen møtte styreleiar Leif Arne Åsen, styremedlem Knut Folkestad og Per Øyvind Storevik.

– Dette er viktig med tanke på forutsigbar drift og aktivitet, og også DSC_7718ny400forventningar til FIL-huset. Den gir oss godt med handlingsrom. I alt arbeidet vårt ligg mottoet om flest mogleg, lengst mogleg, og at kvar enkelt får utvikle seg innanfor sine føresetnader. Med denne avtalen i boks får vi no utvikle det vidare, seier Leif Arne Åsen.

– Avtalen vi har hatt dei siste fem åra har vore utruleg viktig for å bygge opp fotballen i Førde, og ikkje minst har avtalen vore heilt sentral i bygginga av det nye klubbhuset. Vi hadde ikkje sete her i dag utan samarbeidet. At vi no får vidareført avtalen i fem nye år, betyr veldig mykje for arbeidet vårt, spesielt når det gjeld breiddefotball, seier Knut Folkestad.

Kompetanseheving i andre klubbar
I avtalen blir det også understreka at Førde bør vere ein føregangsklubb som andre klubbar i fylket kan lære av.

– Det er viktig for oss at vi kan heve kompetansen også i andre klubbar, seier Roy Stian Farsund.

– Vi har eit kjempeansvar for å vere ein samfunnsaktør, og for å skape gode oppvekstvilkår. Vi må skape utvikling i Førde IL fotball, og i Førde som plass å bu. Det er viktig at vi gjer noko for Førdesamfunnet, seier Per Øyvind Storevik.