Sponsoravtale i millionklassen til unge gründarar

– Dette handlar om ei satsing på forutsigbar entreprenørskap, og det treng Sogn og Fjordane.

Det seier Holger Aasen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap (UE) Sogn og Fjordane, som no har fått fornya ein treårig sponsoravtale med Sparebanken Sogn og Fjordane. Partane har samarbeida sidan 2002, men sponsorbeløpet som har kome på plass i den nye avtalen, har aldri vore høgare. Dette sikrar blant anna at fleire unge kan få starte si eiga bedrift også i framtida.

Det viktige bindeleddet 
I følgje Aasen betyr kontrakten mykje for drifta og for gründerungdom i fylket.

– Sparebanken Sogn og Fjordane er ein god samarbeidspartner for oss fordi dei går inn med viktig økonomi til opplæring i entreprenørskap både i grunnskule, vidaregåande skule og høgskule. Når vi jobbar med gründeropplæring blant unge, så handlar dette om ei satsing på forutsigbar entreprenørskap. Det er langt større sjanse for at du startar bedrift for deg sjølv viss du har hatt enten elev-, ungdoms-, eller studentbedrift gjennom UE. Då har du fått ein slags gründerånd i deg, seier Aasen.

Også Sparebanken ser positivt på samarbeidet.

– UE er det viktigaste bindeleddet mellom skule og næringsliv, og derfor er dette ei viktig satsing for banken, seier Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken.

Opplæring i personleg økonomi
I tillegg til å drive gründeropplæring, arrangerer UE også undervisningsprogrammet Sjef i eige liv i vidaregåande skule. Programmet omhandlar personelg økonomistyring, noko som ifølgje marknadssjefen blir meir og meir viktig for dagens unge.

–Dei unge er godt vande med økonomisk hjelp frå foreldra, og i tillegg bognar samfunnet over av varer og tenester. Risikoen er derfor stor for at dei ikkje får den nødvendige bagasjen til eit sjølvstendig økonomisk liv når dei flyttar heimanfrå. Opplæring i personleg økonomistyring er derfor eit viktig samfunnsansvar for bankane, og noko vi i SSF er opptatt av å jobbe med, seier Moldestad.

– Vi har hatt ei bra utvikling på dette programmet, blant anna ser vi at Sogn og Fjordane er det fylket som har størst gjennomføring av Sjef i eige liv, og det er eit resultat vi har tenkt å oppretthalde, seier Aasen.

  • Ungt Entreprenørskap

    • Ideell landsomfattande organisasjon som består av 17 fylkesorganisasjonar.
    • Målet er å utvikle unge sin kreativitet og skaparglede i samarbeid med næringsliv og utdanningssystem.
    • UE Sogn og Fjordane vart etablert i 2000.
  • Sjef i eige liv
    • Program for vidaregåande elevar som bevisstgjer dei på forbruk, personleg økonomi og korleis ein går fram for ein dag å kunne kjøpe seg eigen bustad.
    • Elevane lærer å setje opp budsjett og vurdere korleis yrke, livssituasjon, sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi.
    • Gjennomførast i fleire av SSF sine lokale avdelingar, der kunderådgjevarar frå banken er føredragshaldarar.

Holger Aasen, Gunn Aase Moldestad, Eivind Husabø og Jørn Helgheim under dagens signering av ny avtale.