Bli med på kundetur til trivelege Trøndelag

Det har blitt ein fin tradisjon at vi inviterer kundane våre med på seniortur i det vakre landet vårt. I år får du oppleve Atlanterhavsveien og vere med oss til Bud og Kvitholmen Fyr. I Trondheim går vi med lokal guide på Ringve museum og i Nidarosdomen. Vi køyrer «Den Gyldne Omvei» på vakre Inderøya og besøker Bakaren på Lom. Ei mangfaldig reise!

Spørsmål og påmelding: Ta kontakt med fjordane@travelnet.no tlf. 577 25 070

Program

Dag 1: Torsdag 20.august

.infobox {
border: 3px solid #ccc;
background-color: #f8f8f8;
color: #000;
padding: 0 0px 10px 0px;
font-size: 84%;
font-family: verdana, sans-serif;
line-height: 150%;
clear:right;
float: right;
width: 300px;
margin: 0 0 9px 20px;
}
.infobox hr { display: none; }
.infobox p { margin: 10px 0 0 0;}
.infobox img { margin: 10px 0 0 10px; padding: 10px; 0 0 20px; width:80px; height:80px; }

.infobox br { display: none }


Reisefakta:

  • 5 dagar
  • Avreisedato 20.august. Returdato 24.august
  • Turpris: 7850 kr. Tillegg enkeltrom: 1300 kr
  • Påmelding til fjordane@travelnet.no eller tlf. 577 25 070


  • Irekna i turprisen:

  • Turbuss frå Firda Billag
  • Ferje- og bomutgifter
  • 4 frukostar, 5 lunsjar og 4 middagar
  • 4 hotellovernattingar i dobbeltrom
  • Utflukter med lokalguide
  • Reiseleiarar frå Sparebanken Sogn og Fjordane

  • Bussen startar i Førde kl. 09.15 og køyrer via Skei og Stryn vidare til Molde. På Stranda stoggar vi for lunsj. Vidare går turen via Molde før vi tek til på Atlanterhavsvegen. Atlanterhavsvegen svingar seg over bruer og fyllingar frå holme til holme lengst ute i havgapet, med dei finaste svaberg og fiskeplassar. Nokre steinkast mot vest går skipsleia over den frykta Hustadvika der eit utal skipsvrak ligg på botnen. Mange tek turen hit når hauststormane set inn. Det er litt av eit syn når storbåra sler inn mot vegen. Undervegs på Atlanterhavsveien kjem vi til Bud som på 15-1600-talet var den største handelsstaden mellom Bergen og Trondheim. Det siste riksmøtet i Norge vart halde her i 1533 under leiing av erkebiskop Olav Engelbrektsson.

    Vi besøker også Kvitholmen Fyr frå 1842 som ligg på ein liten holme nord for Hustadvika. Bygningane ved fyret skapar eit lukka tun der vi finn maskinhus, bustadhus, uthus og et 12 meter høgt tårn som er bygd opp av naturstein. Anlegget har bygningshistorisk verdi med mange eldre bygningselement som er i god stand, og staden er freda etter lov om kulturminner. Atlanterhavsvegen tek oss heilt til Kristiansund der vi stoggar for den første overnattinga på turen. Felles middag og sosialt samvær på hotellet, før det er tid for å ta kveld.

    Dag 2: Fredag 21. august
    Etter ein god frukost, køyrer vi mot Trondheim. Vel framme i kongsbyen vert vi med på ein 2 timars by-rundtur med lokal guide, der vi mellom anna besøker Nidarosdomen før vi reiser til Tyholt-tårnet for lunsj. Tyholt-tårnet er eit 124 meter høgt radio- og telekommunikasjonstårn med ei fantastisk utsikt. I 74 meters høgde ligg Norges einaste roterande restaurant, Egon Tårnet, der vi skal innta dagens lunsj. Golvet i restauranten roterer ei omdreiing i timen med panoramautsikt i alle himmelretningar. Etter lunsj reiser vi til SAS Royal Garden Hotel og sjekkar inn. Etterpå inviterer vi på by-vandring på Solsiden og Bakklandet, saman med lokalguide som fortel om Solsiden som er den nye bydelen i Trondheim og Bakklandet som ein av dei eldste. Tilbake på hotellet i god tid for felles middag og sosialt samvær.

    DenGyldneOmvei

    Dag 3: Laurdag 22. august
    Etter ein betre frukost på Royal Garden skal vi køyre “Den Gyldne Omvei” til landbruks- og kulturkommunen Inderøy. Vegen går gjennom vakkert landskap. Undervegs finn vi stadar som satsar på tradisjonsmat, kunsthandverk og husflid. Innherad kommune er også kjent for velstelte harregardar, middelalderkyrkjer og bygdemuseum. Det vert lunsj på Berg Gard der vi får servert “verdens beste fårikål”. Etterpå besøker vi Nils Aas Kunstverkstad. Nils Aas (1933 –2004) vert rekna som ein av dei viktigaste bilethoggarane i Norge. Nils Aas Kunstverksted ligg i Straumen sentrum på Inderøy, der kunstnaren vaks opp. Etter ein dag full av opplevingar går turen tilbake til hotellet i Trondheim for middag og sosialt samvær.

    Dag 4: Søndag 23. august
    Etter frukost er det tid for avreise. Før vi forlet Trondheim får vi omvising på Ringve Museum for musikk og musikkinstrument med samlingar frå heile verda. Museet ligg idyllisk til midt i Ringve Botaniske Hage. Etter besøket på Ringve køyrer vi sørover og stoggar for lunsj i Oppdal. Turen vidare går over Dovre. På Lom stoppar vi for siste overnatting på Fossheim Hotell. God mat og sosialt samvær på hotellet.

    Dag 5: Måndag 24. august
    Det er heimreisedag. Etter frukost tek vi ein tur innom Bakaren på Lom, for dei som vil kjøpe med seg noko godt bakverk heim. Bakar Morten Schakenda valde bort eit liv som kjøkkensjef på gourmet-restaurantar til fordel for brøddeiga i Lom. I eit klassisk bakeri vert omnen fyrt med ved. På Bakeriet i Lom fyrer dei opp omnane på kveldstid, og når den er kvit innvendig er den varm nok. Da er alle sot- og oskerestar brent av, fortel Schakenda. Med bollar og brød i bagasjen set vi kursen heimover. Over Strynefjellet til Stryn. Lunsj på Isehaug kafé og tilbake i Førde utpå ettermiddagen.