Næringsdagar til inspirasjon og ettertanke!

Etter to dagar på konferanse er det tid til ettertanke.  Undervegs hadde eg mange gode opplevingar. Opplevingar og møte med menneske som gjev meg tru på framtida og at innsatsen for eit levande fylke ikkje er fånyttes.  Men også innslag av betre vitande kapasitetar, og gufs av fortida frå rikssynsarar som heller ikkje er oppdaterte på dei nye trendane og fer lett med fakta om dagens verkelegheit i fylket vårt.

Sjå samanhengane
Men mest av alt sit eg igjen med eit særs godt inntrykk av Næringsdagane 2015. Det gir inspirasjon. Det gir kunnskap og utfyller «bakteppet» mitt som eg treng for å gjere mine eigne val. Kunnskap om andre, om trendar og utviklingstrekk som gir meg eit betre grunnlag for å sjå ting i samanheng. Betre grunnlag for å forstå dei nye næringane og forstå ungdomen sine val. Rett og slett eit betre grunnlag for at også eg på 61 år framleis kan gi mitt bidrag for å utvikle næringslivet og fylket.

Idar Kreutzer er ein næringslivsleiar som ser heilskapen betre enn dei fleste.  Å kombinere jobben som leiar for Finans Norge med å vere styreleiar for Flyktningehjelpa, verdas største hjelpeorganisasjon med 5000 tilsette i 27 land, gir perspektiv og truverde.  At han snakkar fort har kanskje samanheng med at han veit mykje som han gjerne vil dele. Han er også noko så sjeldan som ein sentral leiar som har sett seg inn i kva vi driv med her i fylket før han kjem og er genuint interessert i oss medan han er her.

Våre eigne får ofte for liten plass i slike konferansar. Det er ofte slik at ein må ha sentrale og kjente fjes som trekkplaster. Ei god blanding er det beste, der lokale krefter både dokumenterer kva vi står for og utfordrar sentrale aktørar sine meiningar.  Difor var møtet med Melin Medical, ReNorway og HighSoft Solution inspirasjon for meg i minst like stor grad som ein godt budd og flink næringsdirektør frå NHO, ein veltalande statssekretær og ein Avinor-direktør som gav oss detaljert statistikk om trafikken på alle landets småflyplassar.

The future is digital var berre eitt av sitata Truls Berg kom med i sitt interessante innlegg som avslutta konferansen.  Dag to var via teknologiutviklinga og kva det gjer med oss. Her fekk vi også dokumentert kor viktig breibandutbygginga er og kva fantastisk jobb som er gjort her i fylket på det området. Den viktigaste infrastrukturen er med andre ord nesten på plass. Mange glimrande foredrag som gav meg ny og viktig kunnskap om framtida.

Frank Aarebrot ser ut til å vere eit namn som berre må vere på programmet om ein konferanse skal få tilstrekkeleg merksemd. Om han passar inn i høve tema verkar å vere underordna. Med tittelen; Innovasjon i privat og offentleg sektor, skal vi i alle fall vere glade for at flyet til Truls Berg var forsinka slik at han, og ikkje Aarebrot, var den som sette punktum for konferansen.

Respekt for sosiologen og historikaren har eg så absolutt. Men det må likevel vere lov å vere kritisk til hans svært lettvinte omgang med fakta. So skal vi sjølvsagt ha storsinn og ikkje la oss provosere over spissformuleringar.  Vi skal også ha vit nok til å trekkje ut det som er nyttig og rett. Men eg synest det går for langt når han deler ut olympisk gullmedalje til både tidlegare og noverande ordførarar i kystkommunane våre i disiplinen «maktesløyse».  At han heller ikkje klarer å kople historia, notida og framtidas trendar saman i konstruktive tankar om korleis vi skal ta utfordringane, viser berre at gode, gamle Aarebrot må konsentrere seg om krigen og historia. Han må sleppe å delta på konferansar som handlar om innovasjon og framtida.

Inspirasjonen sit likevel i kroppen etter konferansen. Eg  tenkjer på dei positive konstruktive innlegga.  Dei var så absolutt i fleirtal.  Den digitale framtida og det grøne skiftet byr på utfordringar, men endå fleire mulegheiter.  Ungdomen vår gjer meg trygg på at mange vil gripe dei.  At det handlar mykje meir om kven du er enn kor du er. Når bebuarane på Påskeøya kallar den for Rapanui, som betyr verdas navle, så kan vi også her i fylket ta inn over oss at vi har det som trengst for å lykkast.  Det er faktisk heilt opp til oss sjølve!