Full fart før ferien?

Sommarferie. Eit ord som kling godt i øyra, ikkje sant? For dei fleste er denne tida forbunde med tre-fire veker avslapping og late dagar i lag med familien, kanskje skal ein besøke ei eksotisk strand, eller kanskje ein skal gå på eit fjell enten i Norge eller Europa som ein lenge har drøymt om. Moglegheitene er mange og forskjellege.

Samstundes er det mykje som kan gå gale når ein skal på tur. Ein kan gløyme igjen passet heime, ein kan ende opp med å bestille overnatting ei anna veke eller månad enn då ein har ferie, ein kan miste bagasjen, ein kan bli sjuk eller skade seg, ein kan kome for seint til flyet, eller kanskje ein svolten minibank brått finn ut at den vil sluke bankkortet ditt. Eg har vore i nesten alle desse situasjonane, men eg kan jo berre førestille meg kor høgt stressnivået blir dersom noko av dette skjer med små ungar og heile familien som reisefølge.

Ferie2015I det du bestiller ferien, kan det derfor vere lurt å sjekke at alle i familien har gyldig reiseforsikring, og at den dekker det du har behov for, til dømes kor lenge du skal vere vekke. Hugs også ta turen innom ssf.no for å bestille deg eit kredittkort, som du oppbevarer ein annan stad enn det vanlege kortet ditt. Då har du pengar i bakhand om du skulle miste eller bli fråstole det vanlege brukskortet ditt.

Før du set i veg på nye eventyr, er det viktig å opne opp regionsperra på korta, slik at både kort nummer éin og to fungerer i dei områda du skal til. Like viktig er det å setje sperra på igjen når du kjem heim, slik at du oppdagar dersom nokon har fått tak i kortinformasjonen din og forsøker å bruke det. Både opning og lukking av regionsperra ordnar du enkelt i nettbanken.

Noko anna lurt du kan gjere i nettbanken, er å bestille mobilbank. Bestill først, og last deretter ned appen gratis til Android, iPhone eller Windows. Då får du banken med deg i lomma og får tilgang på saldo, overføring av pengar og betaling av rekningar, også medan du er på tur.

Bortsett frå regionsperra, er mitt tips å ikkje utsetje å ordne desse tinga til siste dagane før avreise, når du kanskje er meir stressa på alt du og resten av reisefølget må hugse å pakke med i kofferten. Tek du deg litt tid og ordnar desse punkta i god tid før avreise, skulle mykje ligge til rette for at ferietida blir så kjekk og trygg som du planlegg. God tur!