Herlege dagar i hagen

I vår vil kvar av oss i snitt legge att nær 4.000 kroner i hagen. Ei investering i trivsel om du bur der sjølv, ei auke i prisen om du skal selje.

Har du raka og rydda ute, allereie? Ser du det spire og gro både i bed og balkongkassar? Tal frå Husqvarna syner at vi kan rekne med ei verdiauke på 13 prosent for ein eigedom som har fin hage. Plen, sosialt område, steinlagde stiar, dekorative tre og buskar er dei viktigaste faktorane som gir prisauke.

Vår i hagenDet viktige førsteinntrykket
Uansett kor fint hus du har innvendig, vil nysgjerrige kjøparar ta turen forbi og sjå på eigedomen utanfrå først. Er uteområdet innbydande, vil ti av ti aktuelle kjøparar kome på visning.

Dagens huskjøparar vil gjerne ha det vedlikehaldsfritt og lettstelt. Har du tid og råd til det, kan det løne seg å gjere ein skikkeleg jobb med innkjørsla, plantar, murar og gjerder. Bruker du pengar på dette, får du igjen for det, og verdien av eigedomen aukar.

Betre pris
Også Norges Takseringsforbund meiner at utandørs oppgradering kan ha mykje å seie for salsverdien på eigedomen.

– Ein fin hage vil sjølvsagt gjere eigedomen meir attraktiv, dette tek vi med i fastsettinga av marknadsverdien, men det har òg innverknad på eigedomen sin tekniske verdi. Har du ein dårlig stelt hage med dårleg drenering, trekker det ned, seier president i takseringsforbundet, Ottar M. Skare.

Sikre verdiane
Ei undersøking gjennomført av Ipsos MMI syner at vi bruker 18 milliardar kroner i året på å gjere hagar, terrassar og balkongar hyggelege. Med innsatsen og pengane vi legg ned i hagen, er det greitt å tenke på å sikre verdiane. Både grillen, hagemøblar, parasoll, hageputer, verktøy, plenklippar, blomsterkrukker, barneleikar, trillebår, plantar og anna lausøyre er dekka på innbuforsikringa di, men forsikringsselskapa har ei øvre grense for erstatningsutbetaling. I sparebankeigde Frende Forsikring, er taket på 30.000 kroner.

Unngå tjuveri
Det er mykje du sjølv kan gjere for å unngå tjuveri, og ein del krav står i sikkerheitsforskriftene som følgjer forsikringsavtalen din. Generelt sett bør tjuveriutsett utstyr, som til dømes puter og tekstilar, haldast innelåst i kjellar, bod eller garasje når det ikkje er i bruk. Tunge, dyre krukker og hagemøbler er det ikkje like naturleg å ta inn kvar kveld, men vi anbefaler likevel at du ikkje nødvendigvis har dei dyraste tinga ståande synleg frå vegen. Frende har fått rapportar om tjuvebandar som køyrer kassebil heilt inn på tunet, fyller bilen med alt som er laust, og køyrer av stad.

Hageanlegget er dekka
Har du bygningsforsikring i Frende er også sjølve hageanlegget forsikra for inntil 1.000.0000 kroner. Det betyr at alt som er opparbeidd på uteområdet ditt, som blomar, bed og plenar, dammar, badestamp, symjebasseng eller varmekablar i vegen er dekka mot plutselege og uføresette skadar.

Forsikringsbransjen gjer unntak for generelle vêrskader du kan vente av klimaet her i landet, som sein frost, mykje regn eller åtak av insekt. Du er derimot forsikra både mot naturskadar som flaum eller villbekk, mot lynnedslag i tuntreet som fell ned og øydelegg hagen, og mot tjuveri og hærverk. Definisjonen «hageanlegg» i forsikringsvilkåra omfattar også tomteareal inntil fem dekar.