Å vere sin eigen økonomiske lege

Få ting er vel meir spennande for oss nordmenn enn å sjekke skatten vår. Før var kanskje det å sjekke naboen sin formue vel så spennande, men no nøyer fleire seg med å passe sin eigen smell eller bonus.

Utover det å finne fram til posten på sjølvmeldinga der det nesten magiske talet står, så er eg temmeleg blank på kva eg skal sjå etter, og om tala i det heile tatt stemmer. Dette med å kontrollere sjølvmeldinga er litt som å gå til legen. Hos legen vil ein helst høyre at blodtrykket er fint, at ein ikkje har mangelsjukdommar og at helsa generelt er god. Slik er det med sjølvmeldinga også; det beste er når alt stemmer. Men her er det ingen lege som fortel deg om økonomien din er frisk eller kva som eventuelt feilar den, du må rett og slett finne ut av det sjølv.

Ta kontrollen før 30.april
Fristen for å gjere endringar og levere sjølvmeldinga er 30.april, men sidan ein ikkje treng å levere når ein ikkje skal endre noko, er det nok mange som reknar med at tala stemmer, meg sjølv inkludert. Men i år bestemte eg meg for å bryte denne litt late vanen, og faktisk få kontroll på at inntekta stemmer, at eg ikkje har blitt trekt for mykje skatt og at alle aktuelle frådrag er komne med.

Fram med kodebrikka
Eit viktig verktøy i denne kontrollen er bank-Id og kodebrikke. Då får eg logga inn i nettbanken og finn årsoppgåva som ligg i postkassen der. I årsoppgåva er det eit eige avsnitt som heiter Til bruk ved kontroll av ferdigutfylt sjølvmelding. Der finn eg dei tala som er aktuelle for meg å sjekke, blant anna samla innskot, BSU-sparing og renteinntekter. I tillegg står det tilvising til kor i sjølvmeldinga eg finn dei igjen.

BankId og kodebrikke bruker eg også når eg skal sjekke at studielånet mitt er ført riktig. Då loggar eg inn på Lånekassen sin nettstad, og finn årsoppgåva i postkassen der. I tillegg må eg sjekke at all inntekt er komen med. Då finn eg fram lønns- og trekkoppgåva frå arbeidsgjevar. Summen av utbetalte lønningar gjennom året skal vere lik det som står under post 2.1.1 på sjølvmeldinga.

Bruk frådragsrettleiaren
Det finst mange utgifter ein kan trekkje frå på skatten som ein bør passe på at er komne med. BSU-sparing, medlemskontigent til fagforening og pendling er nokre. Til å sjekke alle dei moglege frådraga, er frådragsrettleiaren på Skatteetaten sine nettsider til god hjelp. Det er litt tidkrevjande å forstå og sjekke sjølvmeldinga, men i kontrollen min stemte tala ned til det minste øret, og det er godt å vite. Sjølv om eg ikkje har det mest kompliserte skatteoppgjeret, så er det mine pengar, og derfor blir eg gjerne min eigen økonomiske lege for å vite at oppgjeret er korrekt.