Framtidas næringar kan ta Førde vidare

Førde har ein gåvepakke. Sterk folketalsvekst, unge innbyggarar, gode fagmiljø og den breiaste variasjonen av kunnskapsarbeidsplasser i fylket. Alt ligg til rette for utvikling og innovasjon. Men det hastar!

Frå kontoret mitt i Førde ser eg store delar av Førde sentrum. Eg veit at her er det både sterke fagmiljø og tendensar til klynger. Eg tenkjer på helse- og høgskulemiljøet på Vie med rundt 1500 tilsette og 600 studentar, handels- og servicenæringa med rundt 1000 tilsette, bygg og anleggsbedriftene med rundt 250 tilsette og finansnæringa med rundt 300 tilsette. Førde kommune er den nest største arbeidsplassen med rundt 1200 tilsette. Med rundt 100 arbeidsplassar innan journalistikk, medieundervisning og kommunikasjon kan Førde også kallast ein medielandsby. Miljøa finst i aller høgste grad, men klarar Sunnfjordbyen å utvikle seg til å bli det urbane kraftsenteret fylket treng?

FØRDE SKAL HA ROS for å ha skapt eit av dei beste oppvekstmiljøa i landet. Kvalitetane på skulane og fritidsaktivitetane i Hafstadparken og planar for Førdehuset er av ypparste kvalitet. Dei som vil det beste for borna sine, og kven vil ikkje det, skal flytte til nettopp Førde. Statistikkane viser dessutan at folketalsveksten i Førde dei ti siste åra har vore nesten like sterk som i Oslo. Førde har den klart yngste befolkninga i fylket med ein snittalder på 36,2 år, mot landssnittet på 38,9. I mine auge har Førde det aller beste utgangspunktet for vekst og næringsutvikling.

MULTI MARITIME er eit godt døme på dette. Deira målsetjing er å vere blant dei fem leiande skipstekniske konsulentane i landet, noko dei klarar med glans. Dei konkurrerer både nasjonalt og internasjonalt, og har i dag 26 tilsette i Førde. Nøkkelen til deira suksess har vore å samle all kompetanse innanfor eigne veggar og kunne levere ei totalpakke innan skipsdesign. I tillegg har dei klart kunststykket å sleppe yngre krefter til. Kombinasjonen av erfaring, friske tankar og bruk av det siste innan teknologi har gitt resultat og grunnlag for vidare ekspansjon.

I MINE AUGE har Førde eit uforløyst vekstpotensiale. Kan dette få utløp i eit tettare samspel mellom offentleg og privat sektor? Svara veit aktørane best sjølve. Eg kan berre utfordre med nokre aktuelle spørsmål:

  1. Korleis kan vi legge til rette for at vi snarast får utvikla det innovative industrielle miljøet på Øyrane til ei klynge som blir ein utklekkingsanstalt for nye verksemder basert på ny teknologi?
    2. Finst det uforløyste teknologi- og forretningsidear i det sterke kompetansemiljøet på sentralsjukehuset i samspel med ingeniør- og sjukepleiarutdanninga?
    3. Kan høgskulen i samarbeid med kommunen bli eit testlaboratorium for digital omsorgsteknologi som snart gjer sitt inntog i husa og liva våre? Eldrebølga kjem først til Sogn og Fjordane. Skal vi utnytte den til noko smart, eller berre sjå på den som eit problem?
    4. Kan byggebransjen i Førde finne saman og utnytte det grøne skiftet til å bli knallgod på energieffektive hus og offentlege bygningar.
    5. Korleis få meir innovasjonskraft inn i dei tenesteytande næringane i Førde. Kan bank-, revisjon- og inkassobedriftene i Førde vekse sterkare på ein nasjonal marknad?
    6. Kva lokale verksemder vil få nye marknader ved å løfte blikket utanfor fylkesgrensa og gjerne landegrensa?
    7. Korleis kapitalisere endå meir på oppvekst og skule?

PROTO LAB VEST som Hellenes & Co jobbar med å få etablert, har potensiale til å ta opp i seg mykje av det som ligg i dei tre fyrste prioriteringane mine. Her er målsettinga å bygge eit teknisk orientert samarbeidssenter for næringsliv, forsking og utdanning. Skal ein få til innovasjon og utvikling, er møteplassar for utveksling av kunnskap og samarbeid på tvers av bransjar, sentralt. Slike møteplassar er attraktive for gründerverksemder som treng eit miljø rundt seg med takhøgde for nye idear. Klarar ein samtidig å sleppe til nye hovud i eksisterande verksemder, har vi løfta blikka våre til nye nivå.

EG ER OVERTYDD om at Førde må utnytte sterke trendar som digitalisering, overgang til fornybarsamfunnet og ikkje minst den flotte oppvekstkvaliteten til å bli den attraktive, urbane landsbyen for folk, næringsliv og offentleg forvaltning på Vestlandet. Men då er det fleire som må tenkje nytt, og det må skje fort! Vi må difor bruke mykje meir av energien og ressursane våre på kunnskaps- industri- og utviklingsmiljøa. Det er der vi skal skape dei nye arbeidsplassane som vi skal leve av i framtida. Heile Sogn og Fjordane treng eit Førde i utvikling og vekst!