Kan Sogndal bli fyrtårnet?

Sogndal har knekt distriktskoden. Kan bygda gå frå god til knallgod?

Kvar gong eg har vore innom Campus Fosshaugane og sett på mylderet av studentar, ingeniørar, ski- og treningsdrakter, har eg tenkt at Sogndal har knekt distriktskoden. Kantina på Fosshaugane er den pulserande møteplassen der folk, idear og miljø møtest. Campus Fosshaugane er kritisk stort nok til at dei unge finn likesinna og føler seg sosialt trygge i miljøet. Det trur eg er avgjerande viktig for at ein plass skal vere attraktiv for neste generasjon. Her har resten av fylket mykje å lære. Møteplassar og samspel mellom næringsliv, skule og offentleg sektor er ei klassisk oppskrift for vekst og utvikling.

Forbetring
Min bodskap med denne artikkelen er å minne Sogndal om at bygda og campusmiljøet ikkje er i mål. Vi må alltid fornye og forbetre oss, elles forvitrar vi. Den store oppgåva for Sogndal dei komande åra er å gå frå «good to great» som den amerikanske forfattaren James C. Collins kalla analyseboka si i 2001. Boka selde millionvis av eksemplar fordi den dokumenterte at ved å finne dei rette folka, konsentrere seg om det ein er best på og stadig jakte forbetringar, kan ei alminneleg bedrift vekse frå god til knallgod.

Resultat og nettverk
Mange av dei nyetablerte bedriftene i campusmiljøet har ein jobb å gjere dei komande åra med å sikre seg eit sterkare økonomisk fundament. Konsolidering og resultatutvikling er heilt avgjerande for å ha nok musklar til vidare vekst og produktutvikling. Høgskulen har kjempa ein imponerande kamp for å halde på sjølvstendet og fortsette med handa på rattet. Desto viktigare blir eit vellukka samspel med Universitetet i Bergen, Høgskulen i Bergen og NTNU som nå går saman med Høgskulen i Ålesund og Høgskulen på Gjøvik. Solid tilknyting til dette dominerande teknologimiljøet i Norge blir heilt avgjerande for å henge på og vere attraktiv for framtidas ingeniørar og teknologiutviklarar. HiSF treng ikkje stå med lua i handa. Høgskulen har mykje å by på i samspel med andre, ikkje minst korleis ein bygger gode studentmiljø.

Motor i Sogn
For meg er Sogndal ein motor i Indre Sogn. Kommunen, og ikkje minst
campusmiljøet, må ta på seg drivkraftrolla og finne tonen med teknologimiljøet i Årdal, morelldyrkarane i Lærdal, reiselivsaktørane i Aurland og dei sterke verksemdene i Vik. Eg er sikker på at dei har mykje å lære av kvarandre om dei deler kunnskap, nettverk og idear.

To sterke trendar kjem til å dominere samfunnsutviklinga over heile kloden dei komande tiåra. Eg tenkjer på overgangen til fornybarsamfunnet og digitaliseringa av alt som kan automatiserast og drivast med datateknologi. Den enorme produksjonen av vasskraft i Indre Sogn, det høge forskingsnivået på aluminiumsverket og solcellefabrikken i Årdal, den avanserte bærdyrkinga i Lærdal kombinert med teknologimiljøet på Fosshaugane er ei teknologiklynge med stort potensiale i fornybarsamfunnet. Skal dei ta ut dette potensialet, må aktørane vere rause, nysgjerrige på kvarandre og innstilte på kunnskapsdeling. Då trur eg alle kan legge ut på den spennande og krevjande reisa det er å gå frå «good to great».


Mekka for unge

Dei unge har funne seg til rette i Sogndal, både på skulebenken, i klatreveggen og ikkje minst i laussnøen i Sogndalsdalen. Samfunnsentreprenørar som Tor Yttri, Rolf Navarsete og Jomar Haukås har ikkje stått med megafonen og ropt kom heim. Dei har brukt kreftene på å bygge fasilitetar, og gjennom Sogndal Fotball vist verda kva Fosshaugane og ikkje minst naturen i området har å by på. Det har vore ein suksess fordi dei unge har fått ta i bruk attraksjonane på sin måte og utvikla sine miljø.

Eg kan ikkje understreke nok kor viktig det er å halde fram med denne oppskrifta. Legg til rette, men la dei unge styre og skape sin arbeidskultur, sin fritidskultur og sin samhandlingskultur i Sogn. For dei unge er skiverkstaden like viktig som klasserommet, for dei er livsstil minst like viktig som inntekt og materielle gode, for dei er utfordring like viktig som det trygge og sikre.

Sogndal har alle sjansar til å gå frå god til framifrå og bli eit fyrtårn i fylket og landet.
Grip den unike sjansen!