10 blå vyar for Flora

Lite har gått Flora sin veg det siste året. Har byen i vest likevel ei strålande framtid?

Husbygginga i Flora er sterkast i fylket. Både i fjor og i 2013 vart det sett i gang over 100 nye bustadar i kystbyen. Dette står i kontrast til fleire nedslåande meldingar i det siste om tap av oljearbeidsplassar og forslag om flytting av statlege oppgåver til Bergen. I mine auge er det eit teikn på at florøværingar har vore ute ei vinternatt før. Dei er vande med store svingingar både i fiskeri, skipsbygging og industri.

Sikker vinnar
I det siste har eg prøvd å sjå føre meg Sogn og Fjordane 15 – 20 år fram i tid. Ingen veit heilt kva vi skal leve av dei komande åra, men vi veit kven som skal skape verdiane. Det er dei som i dag fyller klasseromma våre og gjer det best i landet. I tillegg veit vi at stadig fleire innvandrarar finn vegen også til Sogn og Fjordane. Flora har over 1000 utanlandske statsborgarar, og er den kommunen som har lukkast best med integrering. Gode skular, god språkopplæring og god integrering er ein sikker vinnar for framtida. Flora må berre vakte om desse verdiane.

Havet er framtida
Flora er næraste nabo til den blå åkeren. Klimaendringar og sterk folkeauke gjer at interessa for havet som matprodusent blir større og større. I ei stortingsmelding nyleg peika regjeringa på at det er mogleg å seksdoble havbruksnæringa. I den same meldinga går regjeringa også inn for at konsesjonsavgiftene, som oppdrettarane i dag betaler til staten, i framtida i all hovudsak skal kome kommunane til gode. Norge har sju gongar så stort sjøareal som landareal. Eg trur nasjonen framleis skal hente hovudinntekter frå havet etter kvart som oljeinntektene minkar.

Fornybar energi frå bølgjekraftverk og flytande havvindmøller, ligg nok noko fram i tid. Men ikkje minst tenkjer eg på store havbruksmerdar til havs. Folketalet på kloden kjem truleg til å stige med 30 prosent fram til 2050. Kombinert med auka levestandard, trur forskarar det er trong for 70 prosent meir mat og peikar på havet. Det er no ein gong eit faktum at ingen skapningar produserer muskelprotein så effektivt som fisken fordi den verken går på fire eller skal halde ein temperatur på 37 grader. Smertegrensa for tradisjonelt fiskeri er allereie nådd. Gigantmerdar utaskjers til ein halv milliard kroner, slik det norske selskapet Ocean Farming har skissert, kan bli løysinga. Fôret trur forskarane må lagast av dyreplankton som havet er så rikt på.

Blå vyar for Flora
Når eg køyrer forbi livskraftige Eikefjord og etter kvart passerer basen på Botnaneset på veg til mine mange møte i Florø, ser eg lyset i vest og nokre framtidsvyar for Flora-samfunnet:

  1. Florø er base for oppdrettsselskap, også med lokale eigarar som driv storstila fiskeproduksjon i anlegg til havs.
    2. Delar av den utvida basen på Botnaneset blir brukt til drift av dei havbaserte anlegga og bearbeiding av fisk, tang og tare. Norge lærte etter kvart å produsere tang og tare som allereie i dag utgjer opp til 10 prosent av kosthaldet i asiatiske land.
    3. Ewos lukkast med sitt store forskingsprosjekt på fiskehelse og har dobla produksjonen i Gunnhildvågen. Tru om ikkje selskapet i framtida også driv flytande fôrfabrikkar utaskjers, basert på dyreplankton i havet?
    4. På øyane rundt Florø ser eg føre meg landbaserte anlegg som har spesialisert seg på kveite og piggvar. Eit anlegg blir brukt til produksjon av havsalt som har danka ut bordsaltet natriumklorid.
    5. Byen har fått akvakulturutdanning på høgskulenivå i tillegg til subsea-utdanninga.
    6. Byen har blitt eit kompetansesenter og fått status som Norwegian Center of expertice for marin forsking og digitale styringssystem for oppdrettsnæringa. Ocea Mercatus og Pixelverk vann viktige utviklingskontraktar.
    7. Westcon har blitt storprodusent av havbaserte oppdrettsanlegg og stålkonstruksjonar til havvindmøller og bølgjekraftverk. Monteringa av møllene har verftet lagt til djupvasskaia på Lutelandet.
    8. Reiselivet i Florø har fått ei oppblomstring à la Kalvåg med havfiske, rorbuer, regattaer og ikkje minst restaurantar med det beste innan sjømat.
    9. Florø har blitt gourmethavets mekka, der kokkelandslaget med sin kaptein Martine Røys Fosse alltid legg sine årlige treningssamlingar.
    10. Lysta og evna til å feire og feste i Florø har slått ut i nye festivalar, mykje våt moro og faglege seminar rundt den blå åkeren.

Dette treng ikkje vere berre vyar og fantasiar. Ei kvar vellukka bedrift har ein gong starta med ein idé og ein stor draum. Det er menneska bak det kjem an på. Utfordringa i Florø dei næraste åra er å vere knallgod på det byen driv med i dag, mellom anna service og forsyning til oljeindustrien. Men ikkje minst den kunnskapen som finst innan heile verdikjeda av oppdrettsnæringa. Denne kompetansen og denne gründerånda kan bli heilt sentral i ei sterkare satsing på dei marine næringane. Ressursane i havet har vore grunnsteinen i Flora-samfunnet til alle tider. Dei neste tiåra kan det store matfatet bli viktigare enn nokon gong.