Kvikklunsj, sol og nettbank?

God påske!Det er vel ein uvanleg miks for dei fleste, når dei ser fram til årets påskeferie. Men innimellom turgåing med og utan ski, krim, god mat, lange dagar og god tid til familie og vener, kan det dukke opp eit par rekningar som har forfall ein av helgedagane. Onsdag 1. april kl. 14.00 – merk deg tida!

Skal du betale eller overføre til nokon som har konto i andre bankar, med forfallsdato i påskehelga, så skjer ikkje denne betalinga før tysdag 7. april.
Her finn du oversikt over alle fristar og opningstider i påska. 

Typisk norsk
Visste du at det er eit spesielt norsk fenomen å ha 5 dagar samanhengane helg, frå Skjærtorsdag til 2.påskedag? Så då blir første kvardag tysdag 7. april, og dei rekningane som har forfall i påska, blir først belasta denne dagen. Dette gjeld dersom du skal betale til nokon som har anna bank enn deg.

Døgnopen nettbank og mobilbank
Skal du betale noko til ein som har konto i din bank, eller overføre mellom dine eigne konti, så skjer det med ein gong, uansett tid på døgnet og om det er helg eller ikkje! Og har du ikkje ein PC der du er, så er mobilbanken ei enkel og grei løysing.

Sjå meir om Mobilbank her

Måndag og tysdag 30. – 31. mars er vanlege arbeidsdagar, og vi er der for å hjelpe deg, både i bankkontora og på Kundesenteret vårt, som er ope til 21:00.

Så håper vi at du får ei påske akkurat slik du ønskjer deg anten du er på fjellet, ved sjøen, heime eller utanlands.

GOD PÅSKE!