HAFS kan vise Erna oppskrifta

Statsminister Erna Solberg bør snarast ta seg ein tur til ein av dei minste regionane i Norge. I Dale og HAFS vil ho finne mykje av det framtidsretta næringslivet ho etterlyser i talene sine for tida.

I 2006 fekk eg dele ut Tempoprisen for nyskaping og næringsutvikling til databedrifta Elis i Dale. Gründer Ove Myklebust tok mot prisen under markeringa i Florø. Han såg nye forretningsområde i energibransjen då Stortinget liberaliserte kraftomsetninga med ei ny energilov i 1990. Fakturaprogrammet, som han utvikla for energibransjen, var starten på eit dataeventyr i Dale. I 2006 hadde Elis 40 tilsette. I dag heiter bedrifta Enoro, har 85 tilsette, omsette for vel 100 millionar i 2013 og leverte eit knallresultat på vel 30 millionar kroner.

ENORO har etter mitt syn oppskrifta. Bedrifta gjer akkurat det statsministeren ber oss om: Ser framtidige behov, brukar den digitale teknologien og utviklar produkt som verda vil ha. Dataprogramma frå Dale er i ferd med å vinne innpass i energibransjen over heile Norden. Når dei nye, digitale AMS-målarane om kort tid blir installerte i alle hus, er Enoro klar med nye programpakkar som gjer det mogleg å måle straumforbruket minutt for minutt, måle vassforbruk, varsle om eventuelle straumbrot, innbrot, vasslekkasjar og jamvel gje meg ei hjelpande hand på mine gamle dagar. Ulike typar omsorgsteknologi er nemleg på full fart inn i husa og liva våre.

ALLE KAN LÆRE av Enoro i Dale. Det handlar om å løfte blikket 5-10 år fram i tid, sleppe til glupe Petter Smart-typar i bedrifta og ikkje minst utnytte den digitale teknologien som gjer sitt inntog i alle bransjar. Det flotte med digitaliseringa, sett med Sogn og Fjordane-auge, er at alle avstandar og alle grenser er oppheva. Det er ikkje lenger eit spørsmål om kvar du er, men kven du er. Dei flinkaste har med eitt heile verda som marknad.

MARITIME MONTERING på Bjørvikstranda er ei anna bedrift som imponerer meg i same område. Der kjenner dei heller ingen landegrenser. Dei 40 tilsette leverer skipsinnreiing over heile kloden og samarbeider nært med Havyard i Leirvik. Verftet i Hyllestad, som dei siste åra har bygt avanserte farty for oljeindustrien, er i ferd med å omstille seg til det grøne skiftet som no rullar inn over norsk næringsliv.

Mi utfordring til desse bedriftene er å aldri kvile på laurbæra. Paradigmeskiftet som energisektoren no går inn i med overgang til det som blir kalla el-internett, opnar for mange nye forretningsidear for dei kreative og offensive. Verftsindustrien skal finne sine svar på overgang til fornybarsamfunnet og må jakte nye energiformer som hydrogen og kanskje nye skrogtypar som kan utnytte vinden som eit segl. I Kystverket sine planar tek ein no høgde for førarlause skip, styrt av gps og avansert kamerateknologi.

FEKK EG GUIDE statsministeren til HAFS, skulle eg tatt henne med til både Mjømna og Sløvåg i Gulen, Lutelandet i Fjaler og Bulandet i Askvoll. Eg skulle vist henne korleis Beat og Willberg-familien på Mjømna konkurrerer med mektige Spotify og har fleire musikkundar i Bangladesh enn i Norge. Eg skulle avtalt med Hans og Irene Wergeland og Johnny Birkeland i Sløvåg om å vise henne all businessen som ligg i reinse- og gjenvinningsteknologi. Eg skulle svinga inn om Lutelandet der alt no blir gjort klart for demontering og gjenvinning av den første oljeplattforma som kjem i juni. Vidare skulle statsministeren og eg sust nordover til Bulandet der selskapet Seaweed snart kan hauste den første oppdrettstaren til menneskemat. Dette er truleg kimen til ei ny, stor næring i Norge. Å bruke kysten og havet til produksjon av protein og biomasse, kjem til å bli meir og meir aktuelt med aukande folketal og mangel på mat.

HEILE REGJERINGA burde blitt med på ei slik rundreise i HAFS. Kanskje besøk i ein av dei minste regionane i landet hadde fått våre fremste politikarar til å sjå kor viktig det er å satse på distrikta når landet skal utvikle nye forretningsidear og nye bedrifter etter oljealderen. Sett frå utsida, eller sett frå Oslo, kan det sjå ut som dei små lokalsamfunna ikkje har livets rett i ei tid prega av sentralisering og urbanisering. Eg ville vist dei døme på det motsette.

Det er berre å slå på tråden, Erna.