Stryn som utstillingsvindauge?

Statsminister Erna Solberg er i talene sine for tida opptatt av kva vi skal leve av når oljeverksemda får mindre plass i norsk økonomi. Ho bør snarast ta seg ein tur til Stryn og få impulsar. Mykje av framtidas Norge finn vi i Stryn. Spørsmålet i dag er kva som skal til for at Stryn skal halde på forspranget sitt?

Dei 10 siste åra har eg mang ein gong starta arbeidsdagen min med å legge ut på vegen til møte og samlingar i Stryn. Kvar gong når eg rundar Hildaneset ei tidleg morgonstund og festar blikket på Skåla og landskapet rundt, kjenner eg på entusiasme og glede. Tanken på alt offensive leiarar og spenstige bedrifter har skapt i Stryn, gjev meg ein mental Skåla Opp. Takka vere mangel på offentlege arbeidsplassar og oljesmurte bedrifter, har stryningane nærast vore tvinga til å utvikle høgteknologisk industri og spenstig reiseliv med internasjonal konkurransekraft. Etter mitt syn blir desse næringane viktigare for nasjonen dei komande åra dersom dei klarer å utnytte digitaliseringsbølga og det grøne skiftet i økonomien.

Mønsterbruk
Når eg tenkjer på framtidas næringsliv, penslar tankane ofte inn på Grodås Mønsterbruk som har utvikla seg til Grodås Rifle Stock. Frå å vere ein underleverandør til møbelindustrien, har bedrifta dei siste åra spesialisert seg på «skreddarsydde» geværkolbar og tatt mål av seg til å bli den største i sitt slag i Europa. GRS kombinerer si tradisjonelle handverkserfaring med datastyrte maskiner og sterkt engasjement for jakt og skyting. Summen har blitt vakre og spesialtilpassa kolbar som blir lagt merke til i jakt og skytemiljø verda over. Berre ta ein titt på heimesida til RGS, så ser du at bedrifta, som starta i kjellaren på Haugen, har blitt eit moderne mønsterbruk.

10 år fram
To store, internasjonale trendar kjem til å prege næringslivet og verdsøkonomien dei komande ti åra. Trendane heiter digitalisering og overgang til fornybarsamfunnet. På mange måtar heng dei saman fordi digitale system og produksjonsmetodar kan spare oss både for ressursbruk og klimagassutslepp. Vi kan ta for gjeve at alt som kan digitaliserast og automatiserast, kjem til å bli det. Septik 24 hadde aldri vore der dei er i dag om dei ikkje tidleg visste å utnytte gps-teknologien til å finne kumlokk og tankanlegg rundt i landet. Strynetrappa hadde aldri klart å halde på posisjonen sin utan tidleg overgang til datastyrt produksjonsutstyr.

Digitalt forum
Utfordringa i dag er å utnytte den digitale krafta til endå smartare produksjonsprosessar med mindre bruk av råstoff, meir miljøvenleg produksjon, mindre transport og smidigare kommunikasjon med kundane. Kanskje næringslivet i Stryn skulle opprette eit digitalt forum både for å lære av kvarandre og få tak i nye idear raskt nok. Den som har sett ein avansert printar lage maskindelar i metall frå ei tredimensjonal teikning (3D), forstår at vi står overfor eit paradigmeskifte både i industrien og andre næringar

Framsynt reiseliv
Hotel Alexandra lyser mot meg når eg svingar inn på Lobukta på morgonreisene mine. Grovfamilien si evne til sjå framtidas behov tids nok til å kunne utnytte dei til sin fordel, sluttar aldri å imponere meg. Skåla Opp og Via Ferrata til Hoven appellerer til vår tids sunne og aktive livsstil og forsterkar merkevara til hotellet. Eg har lurt på om dei nye planane om gondolbane til Hoven vil svekke den aktive profilen, men reknar med at Richard og co vil kombinere bana med både ski- og sykkelkøyring til Oppheim og turstiar innover fjellet. Dessutan kan ei slike bane bli ein ny attraksjon for den aukande kundegruppa eldre menneske dei næraste åra. Det eg er heilt sikker på er at reiselivet må jakte berekraftige løysingar for å møte framtidas krav og behov.

Smart overgang
Her ein dag møtte eg Ingvild Flo som flytta frå Oslo og heim til Stryn med familien sin då ho fekk jobb i PWC. Ho fortalde meg alt ho hadde lært av mentoren sin, Terje Bjerkan, som har vore ein pådrivar og utviklar for næringslivet i Stryn heile sitt yrkesaktive liv. Der har vi modellen for generasjonsskiftet, slo det meg. Unge og tiltakslystne menneske får rom og armslag i bedrifta og plukkar med seg det beste frå erfaringane og kunnskapen til seniorane. Det er ein smart overgang til ei ny tid der kvinnene skal ha større plass og meir armslag. Næringslivet i Stryn har alt å tene på å gjere seg attraktive overfor ungdommen og ikkje minst kvinnene som i dag dominerer høgare utdanning i alle bransjar og fag. Her ligg kanskje den største utfordringa for det «maskuline» næringslivet i Stryn. Å få dei unge på laget er heilt avgjerande om ein vil kopiere brørne Bø – best i Norge, best i verda.

Så mykje å byggje vidare på
Moods of Norway har klart å ta vare på det beste i tradisjonane opp i alt det nye og kreative. Kanskje er det nøkkelen til suksess for fleire. For her er så mykje å byggje vidare på. Så mykje kunnskap, erfaring og vinnarvilje. Men digitaliseringa og den grøne revolusjonen er som skapt for næringslivet i Stryn. Utfordringar? Ja, men mest av alt mogelegheitar om de ser dei og vågar gripe dei. I så fall må de også få ungdommen og jentene med på laget.