Gloppen på den grøne greina?

Gloppen er heldig. Få oljerelaterte bedrifter gjer at Gloppen slepp unna mykje av nedturen som oljeprisfallet etter kvart vil føre med seg. Derimot er kommunen perfekt for å utnytte det grøne skiftet som kjem til å prege veksten i økonomien dei komande tiåra. Men ver sikker, den som vil opp på greina, må klatre.

Når eg sit på hytta mi på Andenæs og ser mot Rygg og Sandane, fjorden og fjella, blir eg varm om hjartet og tenkjer at betre paradis finst ikkje for meg. Det er fred, det er idyll, det er harmoni over folk og land. Men så veit eg inderleg vel at bak fasaden er det ein kamp for å overleve, for å vinne konkurransar, for å klare innteninga, for å utvikle produktet og hevde seg i framtida. Det gjeld ikkje berre bedriftene, det gjeld ein skule som Firda, eit selskap som SFE, ei avis som Firda Tidend og sjølvsagt ein kommune som Gloppen.

10 år fram
Min viktigaste bodskap i dag er å gløyme tapte slag som E39 og løfte blikket 10-15 år fram i tid. I banken kallar vi det eit friskare blikk. Der ser vi sterke utviklingstrendar som digitalisering og overgang til fornybarsamfunnet. Det kan bli Gloppen sin styrke om innbyggarane heiser den grøne fana og tek viktige grep både i skulen, næringslivet og kommunen. Breiband og fornybar energi kan rett og slett bli viktigare enn bruer og vegar.

Gloppen hotell eit føredøme
Gloppen hotell er i mine auge eit framifrå føredøme for kva som kan skje i heimbygda mi. Vertskapet Irene og Dag Moen valde å satse på det beste av råstoff i bygda. Dei lokka heim superkokk Bodil Fjellestad som fullt ut delte sansen for ureist mat. Dei vågde å satse på utbygging, men tok med seg det beste av tradisjonar og atmosfære frå gamle-hotellet. Men det som imponerer meg aller mest er evna deira til å få med seg neste generasjon. Då Dag brått gjekk bort i 2013, stod sonen Preben klar til å ta over som landets yngste hotellsjef, mens broren Dag Håkon vart lærling på kjøkkenet. Denne tiltrua til sitt eige, på det lokale, det ekte og grøne har i dag gjort Gloppen hotell til eit av dei mest lønsame hotell i Sogn og Fjordane.

Solid formue
Gloppen er den største matprodusenten i fylket. Gloppen er storprodusent av fornybar energi med sine 20 kraftverk og hovudkontoret til Sogn og Fjordane Energi. Gloppen har solide bedrifter som tener pengar og hevdar seg i nasjonal samanheng. Br Aa, Bolseth Glass, Tine Byrkjelo, Frydenbø, Melin Medical er nokre av dei. Men den aller største formuen er dei gode skulane og det fantastiske oppvekstmiljøet rundt Trivselshagen. Her utviklar Gloppen sin viktigaste kapital, humankapitalen.

Framtida er fornybar og digital
Den store jobben i åra framover er å ta vare på alt dette ved å utvikle det vidare. Då er det to stikkord glopparane etter mitt syn skal merke seg og styre etter. Orda er digitalisering og fornybar. Om tre år har alle hus digitale AMS-boksar som måler straumforbruket mange gongar for dagen. Desse boksane kan også brukast til å styre straumen, måle vassforbruk, varsle lekkasjar, varsle innbrot og jamvel passe på eldre folk om ein vil. Såkalla omsorgsteknologi er på full fart inn i liva våre. Databedrifta Enoro i Dale har utvikla program for måling og styring med AMS-boksane og tente i fjor langt meir enn straumprodusenten og straumleverandøren Sunnfjord Energi.

Ny industrirevolusjon
SFE testar ut ein liknande smart-teknologi i Hyen. Melin Medical har lukkast med sine automatiske betalingsløysingar i helsevesenet. Dette er berre starten på ei ny foredling av den fantastiske vasskrafta. Håpet mitt er både SFE og Melin Medical vil jakte førarsetet i utviklinga. Vi har berre sett starten på det den amerikanske økonomen Jeremy Rifkin kallar den tredje industrirevolusjonen. Til dømes er det i dag fullt mogleg å printe ut gjenstandar og utstyr frå 3D-teikningar i staden for å lage dei på fabrikk. Dermed kan vi ta produksjon av varer tilbake frå Kina og unngå dei lange og lite klimavennlege transportetappane.

Det er sikkert eit stykke fram før Br Aa tek til å printe ut båtane i Hyen. Men at dei kjem til å gå på batteri eller hydrogen, er eg heilt sikker på. At Bolseth Glass kjem til å bruke meir solceller i fasadane sine i framtida, er eg også temmeleg sikker på. Og kanskje neste robot på garden, tek seg av gyllinga for å spare bonden for skitarbeid og atmosfæren for klimagassar?

Eit hestehovud føre
Det eg likar så godt er at Firda og skulane i Gloppen allereie har bestemt seg for å ta utfordrarrolla og vere med å utvikle den grøne tråden i norsk skule. Ikkje vente og sjå, men prøve, kanskje feile litt, lære av det og satse på å vere eit hestehovud føre konkurrentar og utviklingstrekk. Det er Gloppen sin unike sjanse. Hotellet har vist at det er ein smart og lønsam veg.