Gode dagar på hytta

HyttekosVi har kjøpt oss hytte. Det er få plassar som får ein til å senke skuldrene og puste med magen, som på hytta. Når vi har fått fyrt i peisen og landa i godstolen i strikkejakke og tjukkelabbar på beina, og radioen er einaste kontaktpunkt med omverda, DÅ har vi fri. At vi ikkje gjer dette oftare! Går det an å flytte hit permanent? Kan vi ikkje berre bli her for alltid? Sånn blir det sjølvsagt ikkje, kvardagen kallar og snart er vi tilbake på jobb. Ungane skal på skulen, trening, møter, klubb, kurs, og brått har det gått mange veker sidan vi sist var på hytta. Og korleis har eigentleg hytta hatt det medan vi var vekke?

Det har vore både storm, store snømengder og veromslag medan vi har tenkt på andre ting. Har den kjære hytta vår tålt påkjenninga? Hugsa vi å stenge vatnet då vi reiste? Nesten halvparten av alle hytteskadar skuldast vatn. Viktigste årsak til vasskader på hytte er frostskade i vassrør, og det er ikkje berre midtvinters det er kaldt her til lands. Byrjar vatnet først å renne, blir skadeomfanget ofte voldsomt, fordi det kan gå lang tid før det vert oppdaga. Skrur ein ikkje av vatnet risikerer ein at erstatninga frå forsikringsselskapet blir redusert. Hovudregelen er at stoppekrana skal stengast og tappekrana opnast om ein skal vere borte meir enn 15 døgn om sommaren og tre døgn om vinteren.

Det går dessverre meir enn tre døgn mellom kvar gong vi er på hytta om vinteren…Frostskade
Ei tom hytte er dessutan eit lett bytte for tjuvar, som kan tømme huset i fred og ro. Er tinga våre framleis på plass? Vi har ein ganske nøktern stil på hytta vår, og har berre ein liten radio (dab-radio, vel og merke…), men ein bør vurdere nøye kva ein oppbevarer av verdifulle gjenstandar på hytta.

Det bør uansett ikkje oppbevast alkohol, medisinar, våpen eller nøkler i hytta. Set ein opp eit lite skilt som fortel at hytta er tømd, kan det vere tjuven ikkje tek seg inn for å sjekke. Trekk gjerne for gardinene for å hindre innsyn.

Dei fleste hytteeigarar tek ein tur eller to innom hytta utanom sesongen for å sjå at alt står bra til, eller allierer seg med hyttenaboar om tilsyn. Det er lurt å lage seg ei liste over inventaret, gjerne med bilete eller film. Innbuet i heimen er ofte berekna eller dekka av ein kollektiv avtale, men innbuet i hytta er det ein sjølv som oppgjev verdien av. Derfor er det viktig å justere opp forsikringssummen når ein går til innkjøp av noko nytt.

Når ein tek visse forholdsreglar og har forsikringane på stell – også for fritidsbustaden, så kjem den kjensla igjen. Stillheita, kvilepuls og eit lukkeleg sukk frå sofaen. Endeleg er vi her igjen! Skulle ønske vi kunne bli her for alltid!

Utbetalingar etter vasskader på norske hytter var i fjor på nær  152 millionar kroner, fordelt på 3300 skader (tal frå Finans Norge).  I Frende Forsikring viser analyser at 43 prosent av alle skader på  fritidsbustadar er knytta til vasskader.

Kjelde: Det kriminalitetsforebyggende råd og Frende Forsikring

 

 

 

 

Gode råd for sikring av hytta:
– Steng hovudstoppekran, opne tappekraner
– Sett på litt varme for å hindre frostskadar
– Trekk ut alle støpsel, og skru ut sikringer som ikkje er i funksjon
– Monter FG-godkjente låsar i ytterdørene
– Monter alarm med overføring
– Lås inn ting som kan brukast som innbrotsverktøy, som for eksempel hageredskap
– Sjekk at alle vindauge er godt lukka
– La vindaugsventilar og innerdører stå opne for lufting
– Monter lemmer, fortrinnsvis med gjennomgående boltar, foran vindauga
– Heng opp dyner og tepper
– Les av strømmålaren
– Utendørsbelysning som slår seg på når nokon går nær hytta
– Hugs å fjerne ekstranøklane som kan være gøymt ved hytta
– Lag avtalar med naboane om å halde auge med kvarandre sine hytter
– Ta gjerne ein tur eller to på hytta utanfor sesongen for å sjå at alt står bra til