Bank i butikk

Bank i butikkDenne veka opna vi bank i butikk i Balestrand. Bank i butikk er eit tilbod vi har hatt sidan 2009 og etter opninga i Balestrand har vi avtaler med 23 butikkar rundt om i fylket.

Banktenestene du får utført i butikken vi har avtale med er:
– Uttak inntil kr 5000,-
– Innskot
– Levere giroar/post til banken
– Vekslepengar til lag/ organisasjonar og bedrifter

For oss er butikkar blitt ein naturleg samarbeidspart for slike tenester. Butikkane har gode opningstider og dei spelar ei viktig rolle i grendene rundt om. Butikken blir på mange måtar navet i små lokalsamfunn der du kan fikse både post, tipping, medisin og bank når du handlar. Det at lokalbutikken får fleire bein å stå på er viktig og det blir ein naturleg samlingsplass der ein møter andre kjente og kjære frå grenda ein bur i.

Eit viktig mål med omlegginga til bank i butikk er at vi i banken framleis vil vere til stades lokalt og tilby kundane oppfølging og rådgjeving. Vår oppgåve blir å gje deg råd og tenester innan lån, finansiering, forsikring, sparing og pensjon. På same måte som butikken må ha fleire bein å stå på, satsar vi som lokalbank på eit breiare tilbod innan forsikring, sparing og pensjon. Konkurrentane våre er stort sett tilgjengeleg på internett og kundesenter. Der er vi også, men vi er overtydd om at dei dyktige rådgjevarane rundt i alle dei 22 kontora i fylket gjer ein forskjell, og at dei gjev deg som kunde ein meirverdi du vil setje pris på.

Bank i butikk finn du på desse stadane:
Balestrand
Brekke
Bulandet
Bygstad
Byrkjelo
Byrknesøy
Eikefjord
Feios
Fresvik
Grodås
Hauge
Hyen
Lavik
Leirvik
Innvik
Naustdal
Olden
Sande
Skei
Svelgen
Vassenden
Viksdalen
Værlandet