Heile bygda!

Eg var på Raudeberg i helga. Ringnotbåten Torbas til 200 millionar kroner skulle døypast. Etter tre års planlegging og bygging kunne brødrene Tore og Agnar Lyng endeleg vise fram nybåten. Heile bygda var på føtene. Kaia var svart av folk som ville sjå. Hornmusikk, marsipankake og kaffi. Raust med lovord om reiarane og båten. Blide ansikt som såg optimistisk på framtida. Ungdommar som stolt fortalte at dette hadde dei vore med å bygt. –Berre sjå! Sjå på den båten! Den har vi bygt her!

At sola skein og Ulvesundet låg spegleblankt, var berre med å understrekar kor viktig denne dagen var. I lag med regiondirektøren i Fiskeridirektoratet, Vidar Ulriksen, vandra eg rundt i båten og undra meg over at dei kalla dette ein fiskebåt. Begge er vi 1.94 på strømpelesten og vante med å få kular i hovudet når vi går omring i ein båt. Her var det takhøgd og armslag. Men mest imponerte all teknologien. Nesten alt levert og installert gjennom lokale verksemder, finansiert av lokale bankar. Ikkje berre skaper det stoltheit. Det skaper ringverknader og utvikling som vi så sårt treng!

Til festen om kvelden har dei rydda hallen på skipsverftet. Pynta, innreia med bord og stolar, full servering og god stemning. Frå scena får vi servert underhaldning frå lokale krefter. «Meget oppegåande» ville Kjell «Klypa» Bigset ha kalla det. Jørn frå Idol stiller sjølvsagt opp og set ein ekstra spiss på det heile. Aktive Raudeberg står for sal, vakthald og rydding. Under middagen er det medlemmar i idrettslaget som serverer. Heile bygda i arbeid og fest. Heile bygda i lag om oppgåvene og utfordringane.

I bilen inn langs verdas vakraste fjord søndag føremiddag, er eg framleis oppstemt over alt dette. Kombinasjonen av det folkelege, enkle og ekte med verdas fremste teknologi og kunnskap. Det breie og jordnære engasjementet og fellesskapet hos folk flest i lag med verftsdirektøren, reiarane og investorar. Berre når dei stod på den oppbygde tribuna for å kunne få rette svingen på champagneflaska mot skutesida, merka vi forskjellen. Skulle elles berre mangle!

Sola blenkjer i den staselege glassfasaden på Nordvestvinduet i Allmenning. Gjennom tre generasjonar har dei utvikla nye produksjonsmetodar og produkt som har halde stand mot utanlandske konkurrentar. Gruveinngangen på Leftdal er framleis anonym og seier lite om kva planar og mulegheiter som skjuler seg i fjellet. Eg passerer den store fellesfjøsen på Haugane før eg bremsar og tilpassar farten til 60 sona. Fem prikkar får halde.

Tenkjer at den fjøsen har vi også lånt mykje pengar til. Satsa i lag med driftige bønder med tru på framtida. Er det lurt? Er det trygt? Er vi galne som vågar å satse på båtar til 200 millionar og fjøsar til 15 langt ute i det som finansanalytikarane kallar «perifere strøk»? Nedbetaling over 25 år? Slik som verda er i dag? Tvilen held seg til eg kjem ut av Lote-tunellen. -Aldri eg gløymer den glitrande fjord, er ei av strofene frå Nordfjordsongen. Sjeldan har denne strofa passa betre enn denne første februardagen. Eg skimtar Nordfjord Laks sitt anlegg aust om Anda. Trøstar meg med at det går vel aldri av mote å produsere mat enten det er i fjorden, ved fjorden eller på havet.

Då eg sist onsdag møtte alle mine tilsette, minte det meg om ansvaret for banken, kapitalen og arbeidsplassane. Å fortelje om rekneskap og gode tal er enkelt. Vise retning og handlekraft i turbulente tider er mykje vanskelegare. Eg fortalte om dei tre siste månadane som har bydd på nettopp det. Turbulens. Forklarte korleis dette også verkar inn på oss alle. Kor viktig det er å sette rett kurs. Akkurat som for nye Torbas. 400 mil vest av Irland skal dei ta dei første fangstane i slutten av månaden. Med eit mannskap som kan jobben sin! Utan det er skipperen hjelpelaus. Akkurat som eg!

Der kunnskap og kapital møtast skapast verdiar! I fiskebåten, i fjøsen, i fabrikken, i oppdrettsanlegget! Spennande! Tankane mine går igjen tilbake til Raudeberg og det blikkstille Ulvesundet sist laurdag. Både Torbas, banken, fabrikkeigaren, oppdrettaren og bonden skal nok få brynt seg på tøffare dagar. Men med det rette mannskapet skal vi takle det også! I alle fall om ein har heile bygda i ryggen!