Alle mann på taket

Måke takSjeldan har vi sett så mykje snømåking på hus- og hyttetak, som dei siste vekene.

Vestlandet, og særskilt indre strok, har fått store mengder snø. Frende Forsikring, der Sparebanken Sogn og Fjordane er ein av eigarane, har bede folk om å måke dei utsette taka, anten sjølv, eller med leigd hjelp.

Aller først må du grave fram vindauge, lufteventilar og pipa. Mange sprengfyrer idet dei kjem til hytta, for å få leveleg innetemperatur. Vindauga er rømmingsveg i tilfelle brann, og også alternativ utgang om snøen rasar framfor døra. Du må syte for frisk luft inn i hytta, og godt avtrekk for å hindre at hytta blir full av røyk. Legg deg ikkje til å sove i ei hytte som ikkje har god ventilasjon, og sjekk sjølvsagt at røykvarslaren fungerer som den skal.

Når du har spadd fram rømmingsvegar, pipe og ventilar, kan du gyve laus på resten av taket. Du skal måke jamt, for med snømengda som ligg no, kan skeiv belastning vere meir kritisk enn større og jamn belastning. Med fire meter snø, som det no ligg fleire stader, risikerer du at bygningen rasar saman.

SINTEF Byggforsk rådar deg til å følgje med på om huset endrar seg, det er ofte slik du merkar at det byrjar å bli for mykje snø på taket. Når dører og vindauge går tregt, eller du kan sjå nedbøyingar eller andre endringar i bygget, er det eit varsku om at tyngda er for stor. Nokon gonger vil du og kunne høyre knirk og smell i konstruksjonen. Då kan det vere fare på ferde.

Ein tommelfingerregel, er at du bør ta ein titt på taket når snødjupna nærmar seg ein halvmeter, spesielt på eldre hus og hytter.

Skulle det komme omslag til mildver og regn, vert snøen både våt og ekstra tung.

Basert på tidligare års erfaringar veit vi at det no vil komme skadar på terrassar og yttertak. Når den tunge, våte snøen rasar frå tak, riv den ofte med seg snøfangarar og riv ut innfesting til terrassar frå veggane. Ein slik skade kan ofte komme på 30-35.000 kroner. Mykje dyrare vert det om sjølve taket og konstruksjonen på hytta eller huset vert skada.

Når du måker skal det liggje att eit lag med snø, slik at du ikkje skadar taktekkinga.
Hugs alltid å sette spaden ein stad du kan nå han, gjerne i gongen. Takras, snøfall eller vind kan stengje utgongen med snø mens du er inne.

Snømåking

Foto: Dag Skeivoll, Frende