Overgangen frå å vere student til arbeidstakar – skummelt, utfordrande eller lærerikt?

Trainee Arne med kollegaerNår studiane nærmar seg slutten må ein på eit tidspunkt gjere fleire viktige val i livet. Spørsmål rundt kva ein ønskjer å jobbe med, kvar og for kven startar å svirre. I mitt tilfelle starta denne prosessen rett over jul siste semester på masteren. Fleire i klassen hadde starta å få innkalling til jobbintervju og tilbod om jobbar, i motsetning til meg som ikkje eingong hadde gjort eit heilhjerta forsøk på å skrape saman ein fornuftig jobbsøknad. Den snikande følelsen av angst for å komme bakpå i forhold til dei andre, førte til at eg måtte gjere nokre val.

Raskt kom eg fram til at ei traineestilling var faktisk noko som kunne passe meg bra ut frå beskrivinga: «Ei bratt læringskurve, med varierte og spennande arbeidsoppgåver», noko som ofte var ein gjengangar i dei fleste stillingane eg kom over. Ettersom eg i utgangspunktet ikkje hadde ei formeining om hos kven, kva bransje eller kor i landet eg ønskte å jobbe, bestemte eg meg for å søke ganske breitt med utgangspunkt i utdanninga mi. Ideen min var at for å bli god både på å skrive søknadar og, bli vand med situasjonen på jobbintervju, så måtte ein faktisk igjennom ein del for å bli trygg i settinga.

Utan at eg skal skryte på meg å vere god på å skrive jobbsøknader eller ha dei rette svara på eit jobbintervju, så merka eg underveis i prosessen at eg vart stadig meir trygg på situasjonen. Noko som resulterte i at eg faktisk på førehand kunne føresjå mange av spørsmåla som vil dukke opp under dei neste intervjua. Ofte var det fleire som gjekk igjen, til dømes sterke og svake sider ved deg som person, eller eventuelle draumar og framtidsplanar. Derfor kom eg raskt fram til at refleksjon av spørsmål som vart stilt på intervjua i etterkant, gjorde at eg stilte sterkare og ga eit betre intrykk på neste intervju. Rett og slett fordi eg hadde møtt på spørsmålet før, og eg hadde tenkt meg ut eit fornuftig svar på dette på førehand.

Til mi store forundring (som den pessimistiske Sunnfjordingen eg er) fekk eg positive tilbakemeldingar frå fleire bedrifter. Og når valet skulle takast om kven eg skulle gje eit ja til, brukte eg magekjensla på kven som faktisk hadde gitt meg eit best inntrykk på intervju. I mitt tilfelle var dette Sparebanken Sogn og Fjordane. Der sat eg igjen med inntrykket av at dei faktisk verkeleg ønska meg med min faglege bakgrunn.

No når eg sit her i januar eit år etter eg starta prosessen med jobbsøk og skriv dette innlegget, så stiller eg meg spørsmålet om kor tida eigentleg vart av? Eg ser og for meg at det neste halvåret vil fyke forbi i rekordfart, mykje raskare enn eg hadde tenkt på førehand. Og som svar på spørsmålet i overskrifta, så vil eg svare ja på alle tre. Det har av og til vore både skummelt og utfordrande å ikkje heilt kjenne utfallet av det ein går inn i, men tida fram til no har vore lærerik og eg meiner eg har vakse som person.

Kanskje vil nokon seie at eg har blitt meir kjedeleg det siste året som følgje av eit A4 liv med jobb 8-4 og trening i vekedagane, men aldri har helga vore så god som no!