Ta jula tilbake!

Neidå, dette er ikkje nok eit innlegg om at butikkane startar jula alt for tidleg. Julepynt i oktober og marsipan i hyllene før ein mentalt er ferdig med sommaren. Heilt i orden for meg. Eg må ikkje kjøpe det.

Folk som skryt over at dei er ferdig med julehandelen alt i august, forstår eg meg ikkje på. Kjekt å sleppe stresset, men for meg er no litt av julestemninga nettopp det å handle på ein mørk ettermiddag med julelys og pynt rundt meg, og «Glade jul» på høgtalaren. På den andre sida, så hatar eg å stå i kø – så gjeld å ikkje vente for lenge. Eg veit vel og at di nærare ein kjem jul utan at pakkane er på plass, di større er faren for å gå på ein smell i rein desperasjon og kjøpe det første, beste og dyraste ein finn – berre for å bli ferdig.

22. desember er tradisjonelt den travlaste handledagen i desember. Tradisjonelt den største bulkedagen også, i følgje forsikringsselskapa. Kaos av folk og bilar, det er kanskje ikkje rart nokon slumpar til å rygge på bilen bak seg, som plutselig berre var der. Fleire og fleire tenkjer etterkvart at julehandel i juni og netthandel løyser dette «problemet». På nett er det billig og enkelt, du slepp ut i kulden, bulke bilen, stå i kø og alt det der. Men eg har endå til gode å finne julestemning i ein nettbutikk, og kva om den lokale butikken ein dag ikkje er der fordi eg heller handlar på nett?

Som sagt – julepynt i oktober plagar ikkje meg. Ei heller at Elkjøp reklamerer for dyre plasmaskjermar og fancy duppedittar. Det blir litt for enkelt å skulde på handelsstanden. Butikkane vil jo berre selje varene sine – det er jo det dei lever av. Så får det heller vere opp til oss forbrukarane å moderere oss. Ingen MÅ kjøpe den dyraste tv-en sjølv om Elkjøp reklamerer for den. Og kva med julekalenderen? Ingen MÅ lage dyre flotte julekalenderar til fleirfaldige tusen kroner til barna sine heller. Det paradoksale er jo at vi har skapt dette presset heilt sjølv, og det ser ikkje ut til å ta slutt. Då eg var liten hadde eg sjokoladekalender til 20 kroner og var vel fornøgd med det – eg visste ikkje om noko anna. Pakkar høyrde julaftan til, og fy som vi gledde oss til jul – Kva glede får ein på julekvelden no då, når ein allereie har fått 24 flotte ting ein ønskjer seg?

Når folk slit med gjeld frå fjorårets julehandel endå, så er det noko som er gale ein eller annan stad. Julehandel med ein slik bismak må jo vere det verste utgangspunktet for ei god jul. Då tenkjer eg vi har gløymt kva jula dreier seg om. Når handling og pengebruk tar over alt. Kva med familietid og julekos? Eg slår eit slag for å ta jula tilbake – tenk over kva det verkeleg dreiar seg om og kva som er viktig her i livet!

På tampen, nokre velmeinande råd om korleis ein kan komme heilskinna ut av julehandelen, med både vettet og budsjettet i behald;

– Ikkje vent til i siste liten, desperasjon er aldri gunstig for lommeboka.
– Planlegg julegåvehandelen før du går i butikken. Veit du kva du skal kjøpe, så kan det bli både billegare og meir effektivt.
– Om du har mulegheit, ver tidleg ute i butikkane, rundt kl 12-13 kan det bli trangt om plassen.
– Spleis! Gå saman med familie eller ein ven og kjøp julegåver saman. Her kan ein spare både tid og pengar – i verste fall får mottakaren ei flott gåve med kvalitet i staden for ein bunke med skrot.
– Kvifor ikkje avtale med vener at i år tar vi ein koselig førjulsmiddag i staden for å utveksle gåver? Mindre stress – meir kos!
– Heimelaga kan absolutt hjelpe på budsjettet. Om det hjelper på vettet er meir usikkert. Flink på kjøkkenet? Lag konfekt! God med heklepinnane? Kva med ei heimelaga hue eller lyslykt? Heller heimelaga med omtanke enn kjøpt tankelaust!

Følgjer du nokre av desse råda, så kan det jo dukke opp litt julestemning på kjøpet – kven veit?