Vi kan bli verdas beste fylke på oppvekst!

-Look to Norway, sa president Roosevelt i september 1942. Midt i krigen sine stygge hendingar og på eit tidspunkt då alt såg svart ut, brukte han nettopp Norge som bilete på den ukuelege viljen og optimismen som dei allierte trengte for å kjempe vidare. Eg veit at det er drygt å dra samanlikningar til krigens dagar, men det er ingen tvil om at vi på nytt er «under angrep». Ikkje som land, men som fylke. Då gjeld det å stå saman. Finne noko, ikkje berre å kjempe mot, men også kjempe for. Noko som samlar, motiverer og gjer oss stolte. Noko som gjer at dei andre kan seie; – look to Sogn og Fjordane!

Større skilnader
Vi lever i ei tid då dei økonomiske forskjellane mellom folk blir stadig større. Min gode kollega, Jan Erik Kjerpeset skreiv om dette i ein utmerka kronikk i BT sist torsdag. Mest skremmande er utviklinga i USA, der fem prosent av befolkninga har tatt med seg all auke i kjøpekrafta sidan 60-talet. Mange ser på aukande skeivfordeling som ei av dei største utfordringane i moderne tid. Vi veit alle at sjølve grunnmuren i den nordiske modellen er gode og trygge oppvekstvilkår, høg arbeidsdeltaking og sosial tryggleik. Denne grunnmuren slår sprekker i den utviklinga vi ser både globalt og nasjonalt i desse tider.

Førebygging framfor reparasjon
Etter mi meining er det aller viktigaste i denne modellen gode og trygge oppvekstvilkår. Akkurat dette skriv direktør i NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes glimrande om i sin kronikk i Firda på tysdag. Han viser til forsking som viser at dei grunnleggande ferdigheitene for å lykkast blir lagt svært tidleg i livsløpet og at mykje også har med familiesituasjonen å gjere. Der skriv han også om dei enorme kostnadane samfunnet får med dei som ikkje lykkast i dei fyrste ungdomsåra, og at nesten alle ressursane frå det offentlege verkemiddelapparatet blir sett inn alt for seint. Dette vil Thorsnes gjere noko med, og ønskjer eit tverrfagleg samarbeid heilt ned på barnehagenivå. Glimrande!

Vi har det beste utgangspunktet
For ingen har eit betre utgangspunkt for å lykkast med dette enn nettopp Sogn og Fjordane. Vi er i rette enden av alle statistikkar, som Thorsnes så rett peikar på. Og akkurat no, midt opp i alle debattar om kor forferdeleg alt er, treng vi å samlast om noko positivt og offensivt. Finns det noko viktigare og meir framtidsretta å samlast om enn å gjere fylket kjent som verdast beste fylke å vekse opp i? Tenk for eit utgangspunkt vi har! Vi er ikkje til sals! Vi er ikkje utarma! Vi er rike! No gjeld det å forvalte «rikdomen» slik at den gir avkastning i form av styrka profil, styrka sjølvtillit og positiv utvikling. Dei siste åra har eg gjort meg mange refleksjonar om dette i møte med dyktige folk, kunnskapsmiljø og fysiske fasilitetar i heile fylket.

Barnehagane legg grunnlaget
La oss ta NAV-direktøren på ordet og starte med barnehagane. I mitt møte med årets grunder, Heidi Aabrekk, er eg blitt overtydd om at ho har rett når ho seier at den viktigaste læringsperioden i livet vårt er frå 0 til 3 år. I eit slikt perspektiv er det klart at satsinga på barnehagar og pedagogisk kunnskap og kapasitet er sjølve grunnlaget for å lykkast. Det er også eit paradoks at medan resten av skulegangen er gratis, kostar det framleis dyrt å ha ungar i barnehagen. Allereie her startar forskjellsbehandlinga ut frå økonomi og familiesituasjon. Akkurat det Thorsnes viser til påfører samfunnet store kostnader seinare i livsløpet. Tenk om vi bestemte oss for å ta Heidi sine modellar og metodikk i bruk i alle barnehagane i fylket. Tenk om vi sette oss som mål å gjere barnehageplass tilgjengeleg for alle og utvikle verdas beste barnehagar i Sogn og Fjordane.

Skular i verdsklasse
For ein start vi i så fall gir alle ungane våre inn i barne- og ungdomsskulen. La oss så hauste av erfaringar og kunnskap som til dømes rektor Geir Navarsete og Kaupanger Skule har samla gjennom mange år. Eller spør skule- og oppvekstsjef i Førde, Helge Sæterdal, kva dei har gjort for å skape gode resultat over fleire år. Berre to nemnt blant mange skuleleiarar som rår over gode lærarkrefter og funksjonelle og gode skular i fylket. Det er ikkje for ingen ting av vi har dei beste ungdomsskuleelevane i landet. Tenk for eit utgangspunkt. Tenk for ein rikdom!

Vidaregåande skular i endring
Vi har bygt og utvikla mange gode vidaregåande skular i fylket. Eg er livredd for ei ny runde med politiske kampar om skulestruktur. La oss heller sjå på desse skulane som ein ressurs vi må vidareutvikle. I det ligg også ei vidare spesialisering som gjer disse skulane attraktive for andre enn dei som naturleg soknar til skulen reint geografisk. Eg trur ikkje hybellivet er skadeleg for dei som vil noko med utdanninga si. Når 30 prosent av norske ungdommar ikkje fullfører vidaregåande skule, er det på høg tid å tenkje nytt, skriv Kjerpeset i sin kronikk. Skal vi klare å utvikle dei vi har der dei er, må vi også tenkje nytt og skulane må bli nasjonalt leiande på sine spesialområde.

La oss heller ikkje gløyme dei tre folkehøgskulane vi har i fylket som rekrutterer elevar frå heile landet. Legg vi så til at Høgskulen har investert fleir hundre millionar i nye fysiske fasilitetar, har fått nye studietilbod og auka studenttal dei siste åra, så har vi samla sett eit skuletilbod som få, kanskje ingen andre fylke kan vise til.

Frå kortsiktig innsparing til langsiktig gevinst
Då har eg heller ikkje sagt noko om dei mange fysiske fasilitetane både for skule og fritid vi har bygt opp dei siste åra. Reint økonomisk er dette sjølvsagt ei utfordring for politikarane med tanke på vedlikehald, renter og avdrag. Men skal vi ha ein sjanse, må vi våge å sjå på dette som ein ressurs som kan fyllast med verdiskapande aktivitetar og der vi tek ut avkastninga i form av betre karakterar, lågare fråfall i vidaregåande skule og høgare yrkesdeltaking. I kroner og ører blir det millionar og milliardar når vi veit at ein elev som droppar ut av skulen og blir sosialklient i snitt kostar samfunnet 10 millionar.

Hårete mål
Skal vi lykkast med ei slik satsing må vi våge å tenkje langsiktig. Vi må våge å setje oss hårete mål – Sogn og Fjordane, best på oppvekst! Dette er noko heile fylket bør kunne stille seg bak. Til og med politikarar på tvers av partigrensene og geografi. La det bli eit tverrfagleg prosjekt, akkurat som Thorsnes ber om. Samle alle dei gode kreftene for å løfte fram Sogn og Fjordane som det beste fylket å vekse opp i! La oss gå til Storting og regjering å be om fem år for å bevise det. For alt dette er resultat som lar seg dokumentere og som vi kan bruke i marknadsføringa av fylket. Eg er overbevist om at trygge og gode oppvekstvilkår for borna våre vil bety meir og meir for valet om kvar ein skal bu. Difor er dette ei satsing som også har stor verdi for næringslivet og folketalsutviklinga.

Eit fylke å vere stolt av
Ronny Brede Aase, førdeguten som er så godt kjent frå P3, sa i Firda at identiteten og verdiane han har med seg frå heimstaden er svært viktige. Vår styrke er ungdomen vår. La oss byggje vidare på det vi allereie er gode på og der vi har eit fortrinn. La oss bli best på det som er viktigast av alt, gode oppvekstvilkår. La oss vise at vi har vet og forstand til å styre oss sjølve og utvikle ein profil av fylket som gjer oss stolte!