Intempo as er Årets Gründer 2014

Vinnaren av Årets Gründer 2014 vart kåra på Temposeminaret 31. oktober.

Eit par dagar før Temposeminaret kom Verdsbanken si årlege rangering over kva land i verda det er lettast å drive næringsverksemd i, der Noreg kapra ein gjæv 6. plass. Det skulle altså ikkje vante noko for norsk næringsliv. Eller?

Gründeren sitt problem er sjølvsagt at ein ikkje veit om idéen har livets rett før etter at ein har satsa hundrevis av arbeidstimar, oppsparte eller lånte midlar, fast inntekt i trygg jobb – og uvissa om konkurrerande pengesterke verksemder lanserer ein tilsvarande idé eller produkt, før ein kjem ut i marknaden. Samstundes er vi heilt avhengige av at fleire av oss tar slike sjansar dersom fylket og landet skal oppretthalde arbeidsplassar, folketal og levekår. Spørsmålet bør derfor ikkje vere kor lite vi treng å gjere, spørsmålet må vere kva meir vi kan gjere for at fleire skal våge spranget å forfølgje idéen sin, for å sjå om den kan brødfø vonaleg fleire menneske.

Sidan gründeren er i ein sårbar situasjon på idéstadiet og må styrkje eigen posisjon før lansering, vert det som oftast mange arbeidstimar i einsemd og motbakke før ein kan håpe på noko tilbakemelding på idéen. Og i beste fall kan ein håpe på ei tilbakemelding i form av ei sakte, men sikkert veksande omsetting og kundegruppe, som så gir resultat i enden av årsrekneskapen. Viss det går bra. Målet med tevlinga Årets Gründer er å kunne gi ei enda klårare og ikkje minst raskare tilbakemelding, kor det er «gründergjerninga»; sjølve forsøket som vert applaudert. Årets Gründer er såleis open for alle som har kome så langt at dei vil offentleggjere konseptet sitt.

Difor vart verksemda Intempo kåra til vinnar av tevlinga Årets Gründer på Temposeminaret 31. oktober. Fordi Heidi Aabrekk satsar 100% på det ho trur heilhjarta på, og eit produkt juryen vart overtydd om er eit naudsynt og viktig bidrag til samfunnet vårt. Sjølv om prognosane er svært lovande, er ikkje Intempo i mål endå, så premien på 100.000 kroner kjem nok godt med til å utvikle verksemda vidare. Men Heidi og Intempo har gjort «alt» rett så langt, og fortener uansett vår rungande, taktfaste applaus for inspirasjonen det har gitt oss og dømet det set for oss alle.

Andreplassen i tevlinga og 60.000 kroner gjekk elles til Florø-verksemda Pixelwerk, medan treningsverksemda Back To Start frå Stryn fekk tredjepremien på 40.000 kroner. I tillegg til desse vanka det òg mykje godord og positiv merksemd til Mediebruket frå Førde og Stryn-verksemda Vendanor.

Tevlinga Årets Gründer var eit initiativ frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga for to år sidan. Innovasjon Norge var raske til å rose konseptet, og frå og med i fjor dobla dei like godt premiepotten på eige initiativ. I år fekk laget ei naturleg forsterking med Framtidsfylket, som jobbar for å skape arbeidsplassar og rekruttere arbeidskraft til fylket.

I tillegg til dei fleire tusen som har avgitt stemme på Framtidsfylket sine nettsider, har juryen bestått av: Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, adm. direktør Sparebanken Sogn og Fjordane og Gro Rukan, dagleg leiar av Framtidsfylket