Pass på at båten ikkje søkk

heidi  i båtMed hauststormar i vente er det på tide å sjekke båten, dersom han framleis er på sjøen. Uansvarleg båthald kan redusere forsikringsutbetalinga. Kombinasjonen sterk vind og store nedbørsmengder fører til skade både på land og på vatn. Kvar haust må Redningsselskapet heve båtar som søkk ved kai. Redningsskøytemannskapet er opptatt av at båteigarar har hyppig tilsyn med båtane sine. 

Dårlig drenering
Me snakka med skipper på RS «Odin», som fortel at lauv og rusk i vind og regn, og litt frost i tillegg, gjer at sjølvdreneringa går tett. Han meiner tett drenering er årsak til at mange båtar går ned til botnen. Skal du ha båten liggande ute om vinteren, så følg i alle fall med! Sjå til skroggjennomføringar og slangar, og sjå til at avløpa for sjølvdreneringa. Eit lensesystem er nemleg ingen garanti for at båten ikkje blir fylt med vatn.

Skader på hamneanlegg
Fleire båthamner fekk store verskader på anlegg vinteren som var, og har no innført krav om fortøying med demparar på tau. Ofte må det doble fortøyingar til, om båten skal ligge trygt.
Sikkerhetsforskriftene i forsikringsavtalen din, seier meir om ditt ansvar som båteigar. Blant anna kan du lese at båten skal fortøyast slik at den kan klare dei ver- og sjøpåkjenningar som kan vere på staden, den må haldast lens, og det skal førast slikt tilsyn med båt og tilbehør som høva krev.

Tapt utbetaling
Brot på sikkerheitsforskriftene gjer at retten din til erstatning kan falle bort, eller bli redusert.
Tal frå Finans Norge syner at mellom 80 og 85 prosent av norske fritidsbåtar forsikra. Dei siste åra er det meldt mellom åtte og elleve tusen skadetilfelle årleg og erstatningane har svinga mellom 300 og 450 millionar kroner. Tjuvveri- og havariskadar står for mesteparten av erstatningane.

bår på botnPassar på båten
De fleste som har båt liggande ute er ansvarlege og passar godt på båten. Har du ikkje høve til å sjå til båten sjølv, bør du alliere deg med andre.
Uansett om båten ligg ute eller på land, bør motoren, båtens vatntank og rørinstallasjonar frostsikrast.
Me ser at tømming av vatnsystema er den delen av vinterkonserveringa det slurvast mest med. Vann i tankar og behaldarar fører ofte til sprekkar når det vert frost.
Du kan gjerne tenke på vårpuss allereie når du tek opp båten. Lag ei liste over kva du må gjøre innan sjøsetting, så får du gjort alt i tide. Mykje krev planlegging og innkjøp.
Allereie i haust bør du skifte girolje og motorolje på båten, slik motoren blir ståande med ny olje til våren. I Frende seier vi ofte at fuktigheit er båtens verste fiende.

Fuktskader
Høg luftfuktigheit som det gjerne vert ombord haust og vinter skaper grobotn for fuktskadar som soppangrep og jordslag. Metall kan korrodere. Syt derfor at det er god utlufting om bord, spesielt under dekk.
Og skal du først skal ha båten i vinteropplag, så kan den kanskje tas opp før den verste hauststormen kommer.