Sprek 150 åring i Leikanger

8. september i år 1864 opna Leikanger Sparebank dørene for første gong. Difor kan me no feira 150 års jubileum for sparebank i Leikanger. Rett nok er det 26 år sidan banken vart ein del av Sparebanken Sogn og Fjordane, såleis ikkje noko ekte jubileum, men ein slik sjanse til å markere dei 150 åra kan me sjølvsagt ikkje lata gå frå oss.

Så korleis markerer vi dette?  Jau, vi har henta fram litt frå historia til lokalbanken og fått Henning Rivedal til å skrive den for oss. Historiedokumentet skal ikkje ende ut i eit bokprosjekt, men vil bli tilgjengeleg i digitale kanalar og kanskje i artiklar i lokale media.

«Sparebanken på folkemunne» er eit kapittel som handlar om skjemt og humor i regi av Leikanger Mannskor og revygjengen deira. Revykarane stiller villig opp når dei blir spurde, og har bidrege med underhaldning på fleire bank- arrangement. Odd Njøs har eit rikhaldig arkiv som Henning fekk tilgang til for bankhistoria vår.

Sjå her utdrag av showet dei fire mannskor-karane Odd Njøs, Olav O. Henjum (Tambur-Ola), Ingemår Fosshagen og Svein Mardal framførde på 10 års jubileet til Fylkesbanken på Storefjell Høgfjellshotell: (Kjelde: Historia om banken av Henning Rivedal)

Dei kom inn og skrytte hemningslaust over kor fint etablissement jubileumsfesten var lagt til. ”Ja, men e’kje da merkeleg at desse som er ”i fylket, for fylket” må ut av fylket for å feira 10-årsjubileum?”, undra han Odd, vel vitande om det flotte slagordet som fylkesbanken hadde kosta på seg. ”Tambur-Ola”greip ordet. Han var av ei slekt som hadde levert ei nærast endelaus rekkefølgje av medlemar som hadde arva medlemskap i styre og stell i banken. Tonen på forsvarssongen hans var, ”Jag har bott vid en landsveg”.

Eg har sete i styr’ i mangfoldige år, og sett banksjefar komma og gå.
Eg har prøvd halda tritt, og har greie på litt,
Båd’ om vekslar og kassakreditt.
Eg gjekk stadig igjen, blant forsiktige menn,
Og me avgjorde saker med påholden penn…
Så det einast’ eg hugsa som gjorde meg sur,
Da va’ låni til akva-kultur.

Fruktbare dagar 4.oktober
No skal me ikkje feira dei 150 åra med sparebank i Leikanger so øye, men laurdag 4. oktober skal me markera banken og jubileet. Denne dagen er marknadsdagen til det årvisse arrangementet Fruktbare Dagar i Leikanger. Då stiller me sterkt med stand, marknadsfører dei finansielle tenestene me kan tilby og held open Konglebank med bøssetøming og det som høyrer med. Om kvelden vert det festmiddag for oss tilsette i regionen og innbedne gjester.
Eg må også nytte høvet til å reflektere litt over mine vel 44 år i banken. Det har vore ei rivande utvikling, med store endringar, massevis med utfordringar og knapt ein kjedeleg dag på jobb. Likevel er dei heilt vesentlege faktorane for bankverksemda dei same. Det handlar, no som før, om

– kapital
– kundar
– kompetanse

Framtida til Sparebanken i Leikanger? Eg er oppteken av at heile Leikanger må støtta opp om banken for at han skal bli verande i bygda. Og då kjem eg på slagordet me hadde ein gong i tida; ”Din og bygdas eigen bank”. Eg føler at oppslutninga me har lokalt, og den trivelege kontakten me har med kundane her, er viktig både i bygda her og primærområdet som omfattar Feios og Fresvik. Me har god kontakt med utflytte systrendingar og dei som har vore busette i bygda og framleis er kundar. Viss me som tilsette greier å halda fram med å få dette samspelet til å fungera, så er mykje vunne , sjølv om det er ei ny tid og litt andre premissar.

Eg ivrar for at eigenarten til sparebankane vert teken vare på. Det er at me er og vert oppfatta som ein lokalbank, slik vi er i dag. og alle må kjempa for at me skal halda på den. Det krev engasjement frå lokalbefolkninga, og det krev at me rekrutterer medarbeidarar som forstår at dette er noko av konkurransefordelen vår.

Sterk rolle som samfunnsaktør.  Det handlar om samspel og samarbeid med lokalt næringsliv og med det offentlege. Banken bidreg med rådgjeving og finansiering av gode prosjekt. Det er med å skape arbeidsplassar og trivsel i bygda. Noko av det kjekkaste eg har vore med på var samspelet for å få kabalen med Årskogbygget og Saften til å gå opp. Utfordringa var at Nav hadde bruk for heile Årskogbygget, og ynskte å byggja på for å kunne utvikla seg i Leikanger. Det var butikkar i bygget, og dei måtte ha eit alternativ. Banken fekk vera med å løysa denne utfordringa. Det var særdeles interessant, og mange lause trådar i starten. Leikanger kommune var den avgjerande bidragsytaren då dei gjorde grepa med idrettshallen og ”Saften” i den gamle Lerum/Drægni-fabrikken som vart bygt om. Dette er eit godt døme på når dei bedriftseigarane, banken og kommunen går saman for å finna gode løysingar på utfordringane.

Samfunnsrollen omfattar også samarbeid med lag og organisasjonar, det vere seg sponsing eller gåver til ålmennyttige føremål. Vi er stolte over å ha tilført lokalsamfunnet årvisse gåvebeløp og på den måten kunne bygd opp under det gode arbeidet som eldsjelene og alle dei frivillige ressurspersonane legg ned, ikkje minst i arbeidet for born og ungdom.