Satsing på unge, lovande banktalent i Bergen

Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane jobbar hardt for at kundane våre skal få ei god oppleving med oss. Vi har nyleg etablert eit studentsenter i Bergen, der vi rekrutterer studentar som skal hjelpe oss å bli endå betre på dette. No håpar vi på å få endå fleire fornøgde kundar i aldersgruppa 18-34 år. Her får du høyre litt frå dei seks studentane som jobbar på studentsenteret – alle frå Sogn og Fjordane:

Vi er seks heldige og privilegerte studentar som saman med teamleiaren vår, Katrine skal gjere det vi maktar for at studentsenteret blir ei suksesshistorie.

Fleire av oss har jobba som ferievikar i banken tidlegare. Banken har mange kundar og vi ser at kunderådgjevarane våre, i ein hektisk kvardag, kan ha ha vanskar med å nå rundt til alle kundane. Dei vil jo gjerne gjere det beste for kvar enkelt kunde! Eit av Sparebanken Sogn og Fjordane sine konkurransefortrinn i høve andre bankar, skal nettopp vere det gode forholdet til kunden. Vi vil at unge kundar som står ovanfor store økonomiske val, skal oppleve at banken er til stades for å hjelpe dei på vegen. På studentsenteret vil vi jobbe ut mot kundane våre, og sjå kva behov den enkelte har, og i så stor grad vi kan, imøtekome dei behova. Målet vårt er å gjere endå fleire merksame på kva moglegheiter dei har som kunde i banken, noko som vil gje vinst for begge partar.

Når ein er under utdanning, kjem relevant arbeidserfaring godt med. For oss som jobbar på studentsenteret, er det ein super moglegheit å kunne jobbe for banken, både i Bergen gjennom skuleåret, og å få anna fagerfaring frå andre avdelingar i feriane. Vi har fått høyre at dersom vi stiller med entusiasme og god innsats har vi store moglegheiter for ei framtidig karriere i banken. Å få prøve seg hos ein så viktig aktør på vårt felt, er ekstra spennande når det kan føre til ein utfordrande og interessant jobb i Bergen eller Sogn og Fjordane i framtida.

Teamleiar Katrine Stafsnes Osland, 28 år, frå Askvoll
Katrine har vore i banken sidan sommaren 2010. I januar 2013 starta ho som kunderådgjevar, og ho var trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane gjennom Framtidsfylket skuleåret 2013/2014. No held ho på å fullføre ei siviløkonom mastergrad ved Norges Handelshøyskole. Ho skriv masteroppgåva i Bergen, og har då fått i oppgåve å vere teamleiar for Studentsenteret ved sida av studiane. Katrine er spent på å bli kjent med potensielle framtidige fulltidskollegaer, og å skape eit godt arbeidsmiljø for studentgjengen.

Martin Blom, 23 år, frå Florø
Martin har nettopp fullført ein bachelorgrad i Samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen, og er klar til å ta fatt på masterstudiet. Dette er andre året på rad han har jobba som sommarvikar i daglegbank/informasjonsskranken ved Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Florø. Martin ser på ei stilling ved studentsenteret som den perfekte jobben ved sida av studiane, då senteret tilbyr god tilrettelegging for studentar, og relevant arbeidserfaring. «Litt ekstra pengar kjem også godt med når ein er «fattig» student» seier han.

Knut Olav Øygard, 22 år, frå Jølster
Knut Olav studerer økonomi og administrasjon ved Norges Handelshøyskole, og byrjar no på sitt tredje studieår. Han vil også ta ein mastergrad, men i kva er han ikkje heilt sikker på endå. Knut Olav har no jobba to somrar i banken på Skei , med daglegbank som hovudansvar. Elles har han vore innom kontora i Naustdal, Førde og Gaular. Han stortrivst i sommarjobben, og har fått eit veldig godt inntrykk av banken, og var derfor ikkje i tvil om å søke deltidsjobb ved studentsenteret.

Helene Sunde, 21 år, frå Førde
Helene skal byrje sitt andre år på Høgskulen i Bergen, der ho studerer økonomi og administrasjon. Planen etter fullført bachelor er å ta ei mastergrad, men kva mastergrad er ho ikkje sikker på endå. Helene byrja i banken i år og har jobba på valutaavdelinga i Førde. Her trivast ho godt, men ser òg fram til å prøve andre avdelingar. Derfor ser ho på stillinga ved studentsenteret som ein god moglegheit til å få fortsette i Sparebanken Sogn og Fjordane, og til å få prøve nye oppgåver i studentvenlege arbeidstider.

Frida Lobenz Skarstein, 21 år, frå Førde
Frida byrjar også sitt andre år på økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Bergen. Målet hennar er å bli statsautorisert revisor. Ho har hatt sin første sommar i banken i år, der ho har jobba på sentralbordet og kundesenteret i Førde. Det er vel kjent at studietida er ei økonomisk trong tid, og Frida ønskjer seg derfor ein spennande jobb i eit kjekt arbeidsmiljø. Samstundes er ho særs stolt over å komme frå Sogn og Fjordane, «så å kunne representere den største banken i Sogn og Fjordane, er for meg nesten det same som det er for idrettsutøvarar å gå med flagget på brystet» seier ho.

Malin Katrine Pollen, 21 år, frå Solund
Malin har eitt år att av bachelorgraden i økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Bergen. Vidare ønskjer ho å ta ein mastergrad i rekneskap og revisjon. Malin har vore vikar ved banken sitt kontor i Solund to somrar på rad, der oppgåva hovudsakleg har vore ekspedisjon i kasse. Ho har valt å søke nye utfordringar ved Studentsenteret fordi ho meiner dette er ein flott moglegheit til å kombinere studiekvardagen med relevant arbeidserfaring.

Therese Wathne, 23 år, frå Leikanger
Therese har fullført ei bachelorgrad i administrasjon og organisasjonsvitskap. Det kommande skuleåret skal ho supplere graden med juridiske fag. Ho valde å søke på stillinga som kundebehandlar først og fremst fordi ho syntes det høyrdes interessant og spennandes ut. Samstundes var moglegheiter for nye utfordringar i arbeidslivet, og det å kunne få arbeide saman med mennesker, avgjerande.

Vi i studentsenteret har nokre spennande veker føre oss med kurs, og vi tek sikte på å kome skikkeleg i gang med arbeidet mot å utvikle banken enda eit steg vidare tidleg i september. Vi gler oss!

Bak frå venstre: Martin Blom, Direktør privatmarknad Hallvard Klakegg, Banksjef i Bergen Leon Bakkebø, Knut Olav Øygard. Framme frå venstre: Helene Sunde, Frida Lobenz Skarstein, Katrine Stafsnes Osland og Malin Katrine Pollen. Therese Wathne var ikkje til stades då bilete vart tatt.