Studentar med banksommar!

sommervikarar2014-400Sommartid = ferietid for dei fleste av oss, men kven held hjula i gong i banken vår? Jau, 25 flotte studentar er på plass og gjer sitt beste for å yte service til kundar og feriegjester i bankkontora våre.  17 av desse er «veteranar» med fleire somrar i banken, og 8 er nye av året.  Kvifor vel dei  jobb i bank, og gjerne fleire årpå rad? Kva for draumar har dei for framtida?  Dette er svara vi fekk:

Ane Afrodite H. Mikalsen ferievikar på Økonomiavdelinga i 3 år, og med nyleg fullført Mastergrad i økonomi og adminstrasjon.  Ho fortel: – Eg har lært utruleg mykje som er relevant for utdanninga mi.  Medarbeidarane på avdelinga sit på mykje kunnskap og erfaringar, og er flinke til å dele sin kunnskap . Eg drøymer om ein PHD i  finansrekneskap,  men først vil eg jobbe litt  som økonomitrainee i Visma Services.

På Kundesenteret er desse to på jobb i år og:  Ole Kristian Eide: – Eg hadde min første sommarjobb på Kundesenteret i fjor.  I alle feriar og når det var bruk for fleire folk, har eg fått jobbe. For min eigen del er det positive og inkluderande arbeidsmiljøet, samt moglegheit til å knytte kontaktar til relevant arbeidsplass i heimfylket,  utslagsgjevande for at eg kjem tilbake. Sparebanken er ein flott stad å jobbe!

Student på Lærarhøgskulen, Andrine Faleide: – Eg føler at all bankerfaring er god erfaring, då banken sine oppgåver er viktige for alle i kvardagen. I tillegg ville banken gjerne ha dei same sommarvikarane så mange somrar som råd, og det er veldig godt å vite at ein har noko å gå til.  I framtida har eg eit  sterkt ynskje om å studere eit år (eller fleire) i utlandet.

I Bergen møter vi Ann Kristin Fedje: – Eg kjem tilbake til sommarjobb i banken, fordi det er eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.  Eg synest også eg får mykje ansvar og tillit, noko som gjer at eg får lære mykje og får god forståing for korleis ting fungerer i bankverda. Fremtidsdraumen…? Det må vel vere å bli banksjef;)

Kristine Hofland, Askvoll: – Grunnen til at eg kjem att år etter år er at eg likar det avslappa og trivelege miljøet i banken!  Om det er behov for vikar elles i året, vert eg også spurt. Det er kjekt! For nærmaste framtid vert det nok nokre år til i Bergen, med litt meir studiar. Men draumen er å etter kvart kunne flytte heim til ein god jobb som eg trivast i. Skal berre sjå eg finn det i SSF!

I Solund er Malin Katrine Pollen vikar på 2.året:-  Jobb i banken fordi eg tenkte det var ei god moglegheit for meg til å kombinere studiane med relevant arbeidserfaring.  Særleg denne sommaren ser eg nytte av diverse fagfelt frå bachelorstudiet, blant anna skatt, investering og finansiering. Eg er glad i tal, så når eg er ferdig utdanna har eg lyst å jobbe som rekneskapsførar, eller innan skatt.

Helle Hagenlund, veterinærstudent i Budapest, Ungarn: – Heim til Leikanger må eg jo på ferie kvart år, og då er det kjekt å kome attende til ein sommarjobb med fantastiske kollegaer og kjekke kundar som hugsar meg frå år til år. Framtida veit eg ikkje veldig mykje om, men eg har blitt utruleg glad i det store landet også kjend som utlandet, så det er vel heller usikkert om eg vender nasen heim til Vestlandet, eller Noreg ein gong i tida. Reisebasillen har eg ikkje blitt frisk av endå!

Frå Københavns Handelshøgskule kjem Astrid Midttun heim til Sogn og banken: – Det gode miljøet på kontoret i Sogndal/Leikanger/Årdal og det at det er kjekt å vere heime i feriane, gjer at Sparebanken dreg meg tilbake kvar sommar. No er det 5. året eg jobbar som sommarvikar her, så eg er heilt klart ei av dei som vender tilbake. Eg ynskjer meg ein spennande jobb innan økonomi, gjerne med eit sterkt internasjonalt aspekt, og gjerne i ein organisasjon som står for noko eg kan identifisere meg med.  Meir viktig er ein flott familie og ein aktiv kvardag, helst i norsk natur.

Hege Mork Kveum i Stryn seier :- I 2 år har eg vore sumarvikar på daglegbank her i Stryn.  Det er ein fin arbeidsplass med hyggelege kollegaer, derfor var eg rask til å svare ja når dei ville at eg skulle kome tilbake også i år.  Eg håper å få meg ein jobb i Stryn når eg nå bli ferdig på mitt siste bachelor-år ved Høgskulen i Lillehammer, og om eg ikkje er for skulelei kan det hende eg tar til på ein siviløkonom mastergrad.

Helene Gåsemyr i Gloppen stortrivast i Noregs beste studentby Trondheim, seier ho, -Men det er alltid like godt å komme heim til fjord og fjell! Det er sosialt og lærerikt å jobbe i banken, eg stortrivast med gjengen på Sandane!  Framtida er vanskeleg å seie noko om, men eg vil tilbake til trivselsfylket!

Knut Olav Øygard på Jølster seier: – Tykkjer generelt at dei tilsette i banken er imøtekomande, og var difor ikkje i tvil om at eg ville jobbe i banken denne sommaren også. Trivast veldig godt på  NHH, og byrjar på 3.året til hausten.  Eg har enno ikkje bestemt meg for kva profil eg skal ta på master, og er difor litt usikker på mine framtidsdraumar. Eg drøymar iallfall om å arbeide ein stad med godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver!

I Florø er Martin Blom tilbake i banken i år: – Det som skiller seg ut med sommerjobben i banken er det gode og inkluderende arbeidsmiljøet. Jeg har aldri jobbet på en plass hvor det er så god kjemi mellom kollegaene. I tillegg er det varierte arbeidsoppgaver som gjør at det aldri er en kjedelig dag på jobben. – Framtidsdrømmen er at jeg har en god og utfordrende jobb hvor jeg kan være med å gjøre en forskjell, enten det er lokalt, nasjonalt, eller internasjonalt.

Nokre vel jobb i banken etter studiane, og alle legg dei att impulsar som er med å drive banken framover. Lukke til med studiane vidare – banken og fylket gler oss til de kjem med i arbeidslivet for fullt.