Er hagen min forsikra?

hage-FrendeNordmenn legg igjen milliardar i hagen. Men veit du om du har forsikring mot tjuveri, hærverk eller naturskade? Her får du svara frå Frende Forsikring.
Er du ein av dei som har jobba i hagen heile våren? Lagt på kne og luka, planta – først inne og så ute, og no nyt at det spirer, gror og blomar? Hagemøblane har du sjølvsagt rigga til. Noko er kan hende kjøpt nytt, og grillen er klar. Litt dyrare enn planen, men eit godt merke, og biffen smakte!

Norsk sommar er herleg, og hageeigarar lar seg inspirere av interiørblad. oppussingsprogram og sommarnyhende frå møbelkjedane. Ifølge Norske anleggsgartnarar er det trendy å ruste opp hagen, og ei undersøking gjort av Ipsos MMI syner at vi bruker 18 milliardar kroner i året på å gjere hagar, terrassar og balkongar hyggelege.

Vi får kjøpt rotting-møbler i alle prisklasser og gassgrill har nærast blitt allemannseige. Vi legg kroner i hagemøblar, parasoll, hagepute, verkty, plenklippar, krukker, barneleiker, trillebår. Har du tenkt over verdien av utstyret i hagen din? Det meste av slikt lausøre er dekt på innbuforsikringa, men forsikringsselskapa har ei øvre grense for erstatningsutbetaling.  I Frende Forsikring, der Sparebanken Sogn og Fjordane er deleigar, er taket på 30.000 kroner.

Det er mykje du sjølv kan gjere for å unngå tjuveri, og ein del krav står i sikringsføresegna som følgjer forsikringsavtalen din.  Heilt enkelt tilrår vi i Frende at tjuveriutsett utstyr bør haldast innelåst i kjellar, bod eller garasje når det ikkje er i bruk. Du tek sikkert inn puter og tekstilar for å hindre jordslag og mugg, då får ikkje tjuvar det med seg, heller.  Tunge, dyre krukker og hagemøblar er det ikkje naturleg å ta inn kvar kveld, men vi tilrår likevel at du ikkje har dei dyraste tinga ståande synleg frå vegen.

Frende har fått høyre om tjuveribandar som køyrer kassebil heilt inn på tunet, fyller bilen med alt som er laust, og køyrer av stad.  No når «alle» skal ha herlege hagar og balkongar, registrerer vi ein auke i denne typen skadar.

Ei undersøkjing frå svenske Husqvarna syner at vi kan rekne med ein verdiauke på 13 prosent for ein eigedom som har fin hage. Plen, sosialt område, steinlagde stiar, dekorative tre og busker var dei viktigaste faktorane som ga prisauke  Har du bygningsforsikring i Frende er også sjølve hageanlegget forsikra for inntil 1.000.0000 kroner.  Alt som er opparbeidd på uteområdet ditt, som blomar, bed og plenar, dammar, badestamp, symjebasseng eller varmekablar i vegen til huset,  er dekka mot plutselege og uføresette skader.
Forsikringsselskapa gjer unntak for generelle vêrskadar du kan vente av klimaet her til lands, som sein frost, mykje regn eller åtak frå insekt. Du er derimot forsikra både mot naturskadar som flaum eller villbekk, mot lynnedslag i tuntreet som fell ned og øydelegg hagen, og mot tjuveri og hærverk.

Rådgjevaren din i banken kan fortelle deg meir om forsikringsdekninga, eller du kan lese meir på frende.no

Og så kan du nyte hagen og sommaren!