SSF investerer 152 mill. i Frende forsikring

veksande bankDette er den største enkeltinvestering i ein aksjepost som er gjort nokon gong av ei verksemd frå Sogn og Fjordane. Den gjer banken til fjerde største aksjonær med 10 prosent eigarskap i forsikringsselskapet som har sitt hovudkontor i Fyllingsdalen, og som i sin heilskap er eigd av norske sparebankar.

-Dette er eit langsiktig strategisk grep for banken. Vi ønskjer ikkje berre å tilby eit totalprodukt innanfor bank og forsikring, men også ta del i den verdiauken som skjer i selskapet, seier administrerande direktør Arvid Andenæs.  –For oss var det difor naturleg å skile lag med Gjensidige og bygge opp vår eigen portefølje. Då ønskte vi å gjere det i eit selskap som satsar på distribusjon gjennom bank, og dermed utnytte det fortrinnet som vi har gjennom vårt nett av kontor og dyktige medarbeidarar. Dessutan kan vi no også tilby forsikring til våre mange næringslivskundar.

Det er direktør for strategi og forretningsutvikling i banken, Trond Teigene, som har stått for forhandlingane. Han legg ikkje skjul på at dette er ei stor investering for banken og eit stort løft. At det var harde og tøffe forhandlingar med bergenserane, er det heller ikkje tvil om.  –Det handlar om store pengar og viktige prinsipp som må nedfellast i ei avtale frå starten av.  Då nyttar det ikkje å stå med lua i handa. På den andre sida skal dette vere ei avtale å leve med for begge partar, og eg trur vi kan slå fast at flagget gikk til topps både i banken og i Fyllingsdalen då avtalen var landa. Banken representerer ei klar styrking av selskapet si distribusjonskraft og dermed også ein verdiauke for selskapet allereie før ei einaste forsikring er selt, understrekar Teigene.

Den som sikkert kjenner det tyngste ansvaret for at dette no skal bli ein suksess for banken, er forsikringsansvarleg Toril Haugen. Om lag 150 rådgjevarar i banken har i vår vore igjennom opplæringa og er klare til å starte salet den 1. juli.  –Dette er det tøffaste eg har vore med på nokon gong i mitt arbeidsliv, understrekar ein litt nervøs salsleiar, som no vil farte på kryss og tvers i heile fylket for å motivere og stimulere sine medarbeidarar i bankkontora.  –Eg og mange av mine medarbeidarar har tidlegare jobba i Gjensidige. Det er eit profesjonelt selskap med store ressursar som sjølvsagt vil vere ein tøff konkurrent framover. Men vi skal vinne på at vi er fysisk til stades, kjenner kundane våre og kan ordne alt på ein stad.

Andenæs understrekar at det er viktig for regionale bankar å våge å ta opp kampen med dei store aktørane både i bank- og forsikringssektoren.  -Vi ser nok av at distrikta taper i kampen mot sentraliseringskreftene gjennom fusjonar og utvatning av eigarskap. No gjeld det at vi klarer å utnytte den krafta som ligg i vår distribusjonsmodell som kombinerer ny teknologi med eit kjent ansikt. I så fall vil det bety ei styrking av lokalbanken i våre mange lokalsamfunn, avsluttar ein optimistisk bankdirektør som har satsa 152 millionar på forsikring!

3-Frende596