Gjevargleda – den største gleda?

Då eg vaks opp var aldri tanken der på å bli bankmann.  Eg visste vel knapt kva det var.  Bortsett frå den raude bankboka då som eg fekk alt i dåpsgåve, og som mor mi passa godt på.  Ikkje det at det var hyppige turar i banken med kontantar som viste igjen som veksande saldo i «dykkar favør».   Men etter meir enn 30 års fartstid i sparebankar landet over, er eg komen til at det å vere «bankmann» er sjølve lukka i livet.  Lukka ved å skape verdiar som kjem oss alle til gode.

I dag, den 12. juni deler sparebankane ut 230 millionar til lag, organisasjonar og gode tiltak som fremjar trivsel og verdiskaping over heile landet.  Våre to eigarar, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Fjaler står for 12,4 av disse millionane.  I snitt betyr det 75.000 kroner inn på konto til 165 lag og organisasjonar i fylket denne vakre junidagen.

«Litt ditt», skriv Coop’n i sine reklamekampanjar.  Det same tenkjer kanskje du om banken din, og vil gjerne ha betre rente på lån eller innskot.  Så får heller Torskangerpoll Musikklag skaffe seg pengar til nye instrument på anna vis, kunstgrasbana får kommunen sjølv finansiere, og om vi skal utvikle nye studieretningar ved skulane våre, så må fylkeskommunen og staten finansiere det over sine budsjett.  Men heldigvis har sparebankane gjennom snart 200 år bevist at det er ein fantastisk forretningsidé.  Ein forretningsidé, der delar av overskotet går tilbake til lokalsamfunna, og ikkje berre til aksjonærar som søkjer maksimal avkastning på investert kapital.  For ein lokal sparebank er «litt din».  Om du er kunde då.

Aldri har kreftene som endrar samfunnet vårt verka sterkare.  Teknologien, informasjonen og  kapitalen er dei dominerande drivkreftene som ikkje lar seg stoppe.  I eit kvart samfunn, og kanskje i endå større grad i små enn store, er eit lønnsamt næringsliv avgjerande for busetnad og oppvekstvilkår på lang sikt.  Sjå berre kva Brødrene Aa betyr for Hyen, Osland Havbruk for Bjordal eller Knuteholmen for Kalvåg.   Ei undersøking viser at lokale sparebankar aukar sjansane til å få lån til små verksemder, og dei får dessutan låne meir enn i nasjonale bankar.

Eit lønsamt og lokalt næringsliv som skaper verdiar er sjølve grunnlaget for gode, levekraftige lokalsamfunn.  Vår aller viktigaste samfunnsoppgåve er å syte for at desse får dei råd og den kapitalen dei treng til å utvikle seg.  Når vi i tillegg kan bidra til auka livskvalitet og trivsel gjennom allmennyttige gåver og eit sterkt samfunnsengasjement, så er det kjekt å drive sparebank.  Kjekt å bidra til 12,4 millionar i «dykkar favør»!