Sparebanken som næringslivsbank – ein knakande god forretningsidè!

For folk flest er bank kanskje ikkje det mest spennande å forhalde seg til. Det er ein del av infrastrukturen i samfunnet, som styresmaktene held eit vaktsamt auge med, og som dei fleste reknar som sjølvsagt i eit moderne samfunn. Hovudproduktet til bankane er bustadlånet – det å sikre at du  får sikra ditt mest basale behov i livet; ein stad å bu. Bankdrifta som knyter seg til personkundar og bustadlånet er stor grad standardisert, ettersom bustadlånkundane stort sett har ein føreseieleg økonomi. Alle bankar driv med dette.

Kort veg mellom bedrift og bank
Eg er øverste leiar for næringslivsavdelinga til Sparebanken Sogn og Fjordane, og kan melde om at det å vere bank for næringslivet i distrikta er ein meir krevjande jobb. Bedriftene har ikkje den same føreseieleg økonomien som ein personkunde; risikoen blir høgre.  For næringslivet spelar  sparebankane ei sentral rolle gjennom å ha sin daglege aktivitet tett integrert med lokalsamfunna. Jobben med skaffe lånekapital og levere andre finanstenester til næringslivet er svært viktig, det ser vi daglege bevis på.Vi har dei beste føresetnadane for å greie dette med sin kjennskap og nære kontakt med det lokale næringslivet, og den korte vegen det er mellom bedrift og banken som beslutningstakar.

Ikkje la seg blende
Det er nokre moment å vere klar over i denne samanhengen. Vi må gjere ei fagleg og fullt ut forsvarleg kredittvurdering, og ikkje la oss blende av utanomfaglege omsyn. Det er trass alt ikkje våre eigne pengar som blir lånt ut; banken har i realiteten ei rolle som formidlar mellom innskotskunden og lånekunden. Dette medfører at vi ikkje alltid kan seie ja til låneprosjekt. Det er forventingar til at distriktet sin eigen bank skal stille opp i nær sagt alle prosjekt.  Når den lokale sparebanken seier nei hender det at skuffelsen blir ekstra stor, og kanskje større enn om nei-et kom frå ein bank som ikkje har røtene sin her. Ha tillit til den jobben som blir gjort i banken og vurderinga som ligg bak. Alle skal vite at den positive grunnhaldinga er der heile tida; vi vil så gjerne!  Men dersom jobben ikkje blir gjort profesjonelt og skikkeleg har vi i ytterste konsekvens ikkje lenger ein bank med lokale avgjerder – utlånstapa kan bli for store.

Godt fagmiljø
Til dette arbeidet trengst det rutinar og retningslinjer, men ikkje minst trengs det fagleg flinke medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Slike fagmiljø kan kvar for seg ikkje vere for små skal dei fylle rolla si, og det må vere god fagutveksling mellom fagmiljøa som oftast er i finne i tettstadane. Sparebanken Sogn og Fjordane greier denne rekrutteringsjobben. Denne typen bankarbeid, i krysningspunktet mellom samfunnsliv og næringsliv er svært meiningsfullt, og imøtekjem eit behov for arbeidsplassar for ein stadig aukande andel ungdom som tek høgare utdanning. Det å vere med på eit lag som skal levere ein dei viktigaste innsatsfaktorane til bedriftene, og sjå at det betyr noko og gir resultat, gir stoltheit i daglege arbeidet.

Ringen i verdiskapinga
”Rosina i pølsa” når det gjeld sparebanken som næringsbank er at vårt overskot blir verande igjen i distriktet, i første rekkje som eigenkapital i banken,  som gir grunnlag for nye utlån. Noko av overskotet blir delt ut som gåver til frivillige lag og organisasjonar, om gir livgivande kraft til lokalsamfunna – olje i samfunnsmaskineriet som også bedriftene er ein del av. Ringen i verdiskapinga – forretningsidèen – er slutta.