10 tips til å skaffe ein deltidsjobb

Ein har alltid eit behov for pengar, og dess eldre ein blir dess høgare blir gjerne terskelen for å spør etter pengar frå foreldre. Etterkvart er det kanskje på tide å skaffe seg ein jobb og ei eiga inntekt vedsidan av skulen. Vi er alle tre elevar på vidaregåandeskule og har deltidsjobb. Det kan vere vanskeleg  å finne seg ein jobb med lite arbeidserfaring, men vi har funne 10 tips til korleis du kan kapre ein jobb som ekstrahjelp uansett.

– Få hjelp av lærar eller foreldre til å skrive CV og jobbsøknad
Du har kanskje lært å skrive CV/søknad på skulen frå før, men det kan vere lurt å få foreldre eller ein lærar til å sjå over før du leverer det til arbeidsgjevar. Skrivefeil og dårlege formuleringar må ut!

– Bruk lærar som referanse
Referanse er noko ein legg ved i ein jobbsøknad for at arbeidgjevar kan høyre frå andre korleis du er som person. Har du ikkje hatt noko jobb tidlegare, har du nok ikkje så mange referansar å velje mellom, og då kan det vere lurt å spørje ein lærar om dei vil stille opp. Lærarar veit jo mykje om arbeidsinsats, kreativitet, personlegheit osv. – ein veldig god person å bruke til referanse med andre ord!

– Snakk med vener og slektningar
Har du ei tante som eig ei klesforretning eller ein far som styrer ein fabrikk? Snakk med dei om det er mogelegheiter for deg der! Det er alltid lettast å få jobb gjennom folk som kjenner deg, og veit kva du er god for!

– Søk fleire plassar
Skriv ut ein bunke med søknadar til ulike butikkar og mogelege arbeidsplassar der du kan tenkje deg å jobbe. Dei treng ikkje søke folk for øyeblikket, men har dei søknaden din når det plutseleg skulle dukke opp ei ledig stilling, så er sjansen stor for at nettopp du blir ringt!

– Ikkje ver kresen på din første jobb!
I begynnelsen handlar det om å skaffe erfaring, for dette har du lite av når du ikkje har vore i arbeid før. Ein kan ikkje forvente å få velje frå øverste hylle, når ein er “nybyrjar” i arbeidslivet.

– Snakk med dagleg leiar
Når du skal levere jobbsøknaden er det lurt å gå innom butikken/arbeidsplassen og spør etter dagleg leiar. Då kan det bli lettare for dei å velje blant søkarane, sidan dei no har fått eit ansikt til papiret du leverer. Om du berre sendar søknaden på epost, så er det ikkje sikkert arbeidsgiver synes du verkar interessert nok.

– Ver engasjert og positiv!
I kvar samtale med den eventuelle arbeidsgjevaren din er det viktig å vere engasjert rundt jobben! Ver positiv og glad, og fortel gjerne om kva du vil bidra med. Før eit jobbintervju kan det også vere lurt å google bedrifta, for å få litt meir kunnskap.

– Vis at du er ivrig etter jobben
Spør om å få snakke med arbeidsgjevar når du leverer søknaden, og ring/møt gjerne opp for å høyre om dei har sett på søknaden nokre dagar i ettertid! Det visar at dette er noko du har lyst til og noko du er ivrig etter!

– Forbered deg før eit jobbintervju
Tenk litt på kva spørsmål som arbeidsgjevar kanskje kjem til å spørje deg om på intervjuet. Tenk på kva dine gode og dårlege sider er, kvifor du har lyst på jobben og kva du kan tilby dei. Greit å vite litt om bedrifta du skal på jobbintervju hos før du kjem dit. Møt opp tidleg. Ver rein og kle deg passeleg til jobbintervjuet.

– SMIL
Det er viktig å ha ein god søknad, at du får fram dine positive sider, at du tar kontakt med arbeidsplassen og at du visar at du har lyst på jobben. Men det er også veldig viktig å smile! Om du er litt ekstra glad, smilande og positiv, er det lettare å huske deg blant alle dei andre søkarane.

 

Les også:
Tips til økonomisk reise
Så ung og nysgjerrig som eg er har eg lyst til å reise og utforske verden. Eg vil sjå byar og land eg aldri har sett før, og eg vil skape minner for livet. I mitt andre år på vidaregåande står studietur, kjærestetur og familietur til utlandet allereie på planen. Les alle reisetipsa til Sandra.

18 og ansvarleg for meg sjølv
For oss som har ekstrajobb ved sidan av skulen, er det lurt å gå til sjefen å krevje høgare lønn. Når ein er 18 år har ein nye rettigheiter sidan ein plutseleg er vaksen. Les heile innlegget om Toril sine første erfaringar som myndig.