Planlegg ferien i tide!

Vinterferien er over for denne gangen,  saman med jubelrusen frå dei norske prestasjonane i OL går vi snart mot sol og sommar. Også i år, er det store og vanskeleleg spørsmålet i familien; kor går sommarferien?

Vi er  ein typisk A4 familie, 2 vaksne og 2 barn, stasjonsvogn og ein gullfisk. Ulike aldrar har ulike ynskje for ferien. 11 åringen vil vente med å reise i  klatreparken på Ål til han passerar 140 cm høgde, slik at han får benytte alle nivå i klatreløypene. Medan 14 åringen helst ikkje ynskjer reise på ferie med mamma og pappa lenger, i så fall skal turen vere kortast mogleg!  Mor og far  i sin beste alder, nokon vil kanskje seie 40 års krisa, ser føre seg ein aktiv ferie. Familien smilande på toppen av Galdhøgpiggen hadde  vel tatt seg bra ut på årets julekort?

God planlegging
Dei aller fleste har draumar om ulike reisemål ein  ynskjer oppleve ein eller fleire gongar i livet.  Ikkje la det verte berre med draumen. Med god  planlegging , kan dei fleste av oss nå målet, og verkeleg få oppleve draumeferien. Då er sparing eit viktig nøkkelord.

Feriekonto
Som familiens sjølvoppnemnde ”finansminister” er eg oppteken av at at feriebudsjett skal  stå  i forhold til familiens økonomi. Vi har oppretta ein eigen  feriekonto. Ei fast månadleg spareavtale syter for at pengane strøymer jamt inn, samstundes som reisebudsjettet aukar tilsvarande. Før jul spurte eg mannen min om vi ikkje skulle  la vere å kjøpe julegåver til kvarandre, vi hadde jo alt vi trengde. Det var sanneleg ikkje behov for å fylle opp meir i allereie overfylte skuffer og skåp.  Kva med å setje over pengar på feriekontoen vår? Som ektemenn flest, er juleshopping ikkje det heilt store lidenskapen, ikkje uventa var han samd om at det var ein god  ide. Med mobilbanken i lomma var julegåva raskt ordna.

La barna bidra
Barna mine var så heldige å få oppleve Ragnar Simonsen som speidarleiar. Han lærte speidarane ein viktig ting: alle måtte alle bidra med felles dugnad for å tene pengar til dei store speidarturane. Hans motto var:  ”først yte, så nyte”. Trur det er viktig for barna å ta med seg denne lærdomen vidare i livet,  slik at dei forstår at pengane ikkje veks på tre. Barna mine har også  eit viktig bidrag til feriebudsjettet, dei  tek ansvar for å pante brusflaskene våre. Pengane vert putta på  feriesparebørsa vi har i kjøkkenskåpet. Mange bekkar små, gjer som kjent ein stor å…….

Populære feriemål vert tidleg booka
Då gjenstår det  siste, men kanskje eit vel så viktig punkt: Bestill ferien i god tid!  Etter 14 års  tidlegare erfaring som reisekonsulent, er eg kjend med at dei billigaste og mest populære feriemåla vert tidleg booka. Tenkjer ein reise til sydlegare strok på det mange kallar ”hoppe på tur” i fellesferien, bør ein sjå i glaskula og helst vere klårsynt. Etterspørsel og pris har som regel  ein samanheng, så dårleg vær i fellesferien kan fort doble ferieutgiftene!!!!