18 år og ansvarleg for meg sjølv

Sjølv om eg berre er ein månad inn i min myndige alder, vil eg gjerne fortelje litt om mine erfaringar med å bli vaksen.

Dagen etter bursdagen min slo det meg plutseleg at «oi, eg er vaksen! Kva betyr det?» Eg veit jo at eg no er myndig, kan stemme ved val, kan ta bil- og motorsykkellappen og har lov å kjøpe alkohol. Men økonomisk sett –kva betyr det å bli 18 år?
Høgare lønn
For oss som har ekstrajobb ved sidan av skulen, er det lurt å gå til sjefen å krevje høgare lønn. Når ein er 18 år har ein nye rettigheiter sidan ein plutseleg er vaksen.

Etter eg hadde gjort det fekk eg plutseleg 35 kroner meir i timen. Det høyrer kanskje ikkje så mykje ut, men i løpet av ein arbeidsdag på 6 timar ville eg no plutseleg ha tent 210 kroner meir enn tidlegare! Det er jo utruleg greie pengar i det lange løpet!

Tilgang til sparekonto
No har eg også mogelegheit til å klikke meg inn på nettbanken og overføre fritt mellom sparekonto og brukskonto. Det vil seie at alt eg har spart opp i barndommen er fritt fram til å bruke slik eg vil.

Å ha tilgang til pengane frå dåp, konfirmasjon og barndommen generelt, fører til ein haug av freistingar. Tankane tidlegare surra rundt om at «endeleg skal eg få råd til ein skikkelig eksklusiv ferietur med vennegjengen!», men no som eg har tilgang til dei pengane ser eg at det å spare til livet vidare er litt lurare. Førarkort, bil, studietid –det er mykje kostnadar i vente som eg må få råd til på eiga hand!

Nytt bankkort
Nokre dagar før 18-årsdagen gjekk eg innom banken og bestilte meg eit Visa Classic kort. Dei fleste veit vel at kortet ein har før ein er 18 år (ungdomskortet) ikkje kan brukas på nett, visse stadar i utlandet og på buss.

Som den moteglade jenta eg er smilte eg frå øyre til øyre i det Classic kortet dumpa i postkassa: «La nettshoppinga begynne!», tenkte eg i mi gledes stund, før eg fann fram alt eg hadde plukka ut på førehand og betalte.

…Ein kan sei at eg gjekk på ein liten shoppingsmell førre månad, men ein lærer av sine feil og no veit eg at det ikkje er så kult å vere tom for pengar berre nokre dagar etter lønningsdagen.

Når du blir 18 år er du kanskje vaksen, men heile livet ligg fortsatt framføre deg. Du har viktige val å ta for framtida, både når det kjem til økonomi, arbeid og personlege saker som forhold og bustad. Det er kanskje skummelt og tenke på, men det er også veldig spanande! -Det er jo slik livet er.