Tips til økonomisk reise

Så ung og nysgjerrig som eg er, har eg lyst til å reise og utforske verda. Eg vil sjå byar og land eg aldri har sett før, og eg vil skape minner for livet. I mitt andre år på vidaregåande står studietur, kjærestetur og familietur til utlandet allereie på planen. Når ein reiser utan foreldre må ein kanskje betale heile turen sjølv. Nokre får litt pengar til å reise, men det meste må ein nok stå for sjølv. Derfor er det viktig å spare til det og tenkje økonomisk både før og under turen. Eg tenkte å dele nokre av mine tips som eg brukar for å få råd til dei reisane eg har lyst på.

Før reisa
Sjå på flybillettar på fleire sider. Nokre flyselskap kan ha tilbod på turar. Det same gjeld hotell. Finn eit hotell som er reint, rimeleg og enkelt. Tenk på at du mest sannsynleg berre kjem til å sove på hotellet, resten av tida er du ute og utforsker byen!

Sett opp eit budsjett på kor mykje du vil bruke i forkant av turen. Skriv opp makssum du vil bruke på flybillettar og hotell. Lag deretter ei meir detaljert budsjett for mat, shopping og transport.

Ta med det du treng heiman ifrå, ikkje baser turen på å kjøpe det du treng der.  Gjer som meg! Ta med små flasker med shampoo, balsam og elles det du treng heimanifrå.

Finn eit hotell med gåavstand til dei viktigaste plassane du vil oppleve, transport kan vere dyrt.

Frokost på hotellet kan vere greit å ha inkludert i reisa. Eg synes det beste er å ha eit fast måltid på hotellet, det blir dyrt å ete alle måltid ute.

Hotell med eige kjøkken der gjestane kan tilberede maten sjølv, kan også gjer turen meir økonomisk.

Lag ein ferieinspo, på den måten blir det enklare å spare, og glede seg tross alt!

Under reisa
Ikkje kjøp alt mogleg fordi det er billig i det landet du reiser til. Tenk på kva du treng og ikkje kjøp mykje unødvedig.

Begrens shoppinga! Som jente veit eg at shoppinga kan ta litt av når du er på utanlandstur. Det er sjølvsagt lov å kjøpe seg nokre nye fine plagg, berre hugs at du har eit budsjett å følgje!

Om du treng transport bruk undergrunn, tog eller buss, og unngå å ta taxi.

Det kan vere greit å ete middag på restaurant, og heller ha noko mat ståande på hotellrommet som ein kan ete om ein blir sulten seinare på kvelden. Ein treng heller ikkje å ete på dei dyraste restaurantane.

Då eg var yngre var det å ha for lite pengar til shopping det einaste eg bekymra meg for før ein utanlandstur. Då betalte foreldra mine for mat, transport, reise og opphald. No som eg er blitt eldre er det ikkje slik lengre. I dag krevs det mykje meir planlegging og sparing før eg kan reise ein plass eg vil. Men det gjer også at turen blir meir minneverdig.