Kva skal barna få lommepengar for?

Fotballkort, hårpynt, kontantkort, laurdagsgodt – barn har eit etablert forbruk. Eit forbruk som ligg utover basisbehova. Mange foreldre kjøper alt barna treng utan å involvere barna  sjølve i særleg grad i kva ting kostar og kva prioriteringar som ligg til grunn for innkjøpa.

Vi meiner det er verdifull læring for barn å tideleg få eit bevisst forhold til eigne pengar  – kor mykje kostar ting, korleis bruke dei pengane dei har og korleis kan dei spare pengar til ting dei ønskjer seg. Denne opplæringa vil ha direkte overføringsverdi for god økonomistyring den dagen barna vert myndige og ansvaret ikkje lenger er foreldra sitt.

Om lag halvparten av skulebarna i Noreg får lommepengar. Kva er eigentleg passeleg beløp? Kva kan ein forvente av gjenyting frå barna? Her er det mange modellar. Det er viktig at lommepengane er noko positivt – noko som gir forståing for verdien av pengar og som motiverer til å nå måla som er sett. Barnet sin alder og modning er sentralt når ein skal velje ein lønningsmodell.

Kva er målet?
Å involvere barna i kva som er målet med lommepengane, altså kva dei skal nyttast til, kan vere ein god start. Er det snakk om formålsparing, altså at pengane skal nyttast til ein større ting barnet ønskjer seg? Eller er det snakk om forbruk med ein gong, til dømes laurdagsgodt og småting for heile beløpet på «lønningsdagen»?  Kan det vere aktuelt med langsiktig sparing, altså at delar av beløpet vert lagt på sparebøssa og sett i banken?

Kva skal barna få lommepengar for?
Vårt tips, i alle fall for dei yngste barna, er å knytte lommepengane til vanlege oppgåver som må løysast i heimen.  Dersom ein vel å lønne basert på prestasjonar, til dømes innan idrett eller for gode karakterar på skulen,  så bør ein tenkje over kva ein vil oppnå med dette.

Foreldra bør skilje mellom oppgåver som ein må kunne forvente at barna skal gjere utan lønn og kva dei kan lønnast for. Snakk med barna om dette  og bli einige om kva oppgåver som høyrer heime kvar. Du kjenner barnet ditt; ver realistisk. La det bli ei positiv oppleving  av meistring – krava kan aukast etter kvart. Det  blir fort umotiverande om krava må senkast fordi barnet aldri når måla.

Når er det passeleg å begynne med lommepengar?
Når barna kjem i førskulealder har dei ei viss mengde- og talforståing. Dei forstår også at «gjer eg noko for deg, så kan du gjer noko for meg», altså  at det er eit slags forhold mellom kva dei gjer og kva dei kan forvente tilbake. Summen av dette er nok til at lommepengar kan innførast med enkle reglar. Kva som er passeleg for barnet ditt må sjølvsagt du avgjere.

Kor mykje lommepengar skal barna få?
Dette bør først og fremst henge saman med innsatsen, men også barna sin alder spelar inn. Eldre barn kan ha eit anna behov for eigne pengar enn dei yngste. Synovate  gjorde i 2013 ei undersøking som viser gjennomsnittleg  kva norske barn får i lommepengar kvar veke.

  • 6-8 år : Jenter 30 kroner og gutar 41 kroner
  • 9-11 år: Jenter 68 kroner og gutar 56 kroner
  • 12-14 år : Jenter 130 kroner og gutar 95 kroner