Den tøffaste jenta i klassa!

signe3Selv om hun gir opp nå, er Liv Signe Navarsete noe av det tøffeste som finnes i norsk politikk.  Dette skreiv kommentator i BT, Frøy Gudbrandsen på søndag.  Ja, det har ho jammen rett i!  Eg er ingen politikar eller medlem av noko politisk parti.  Likevel er eg mektig imponert over den jobben Liv Signe har gjort, ikkje berre for fylket, men for heile distrikts-Norge dei siste åtte åra.  Ho har vore den mest markante distriktspolitikaren i denne perioden.  Det burde ho ha fått mykje meir ros for.  Fyrst og fremst frå dei mest sentrale i eige parti.

Eg skal ikkje gi meg ut på å analysere Senterpartiet og uroa der.  Det er det andre som kan gjere betre.  Men Liv Signe klarte aldri å opparbeide seg den autoriteten ein må ha for å stå igjennom både interne konflikter og kampsaker for partiet .  Til det treng ein gode og lojale medspelarar.   Ho hadde fortent fleire av dei!  For med Liv Signe mister vi ein av få toppolitikarar med erfaring frå livet utanfor politikken.   Vi har nok av politiske broilerar som aldri ”rekk” å kome ut i det virkelege livet før dei blir runde i kantane og kan  bevege seg lett og ubemerka gjennom dei politiske korridorane.

Men dette handlar også om tabloidisering av debattane og motsetningar mellom by og land.  Om de les Finansavisa vil de sjå ein Trygve Hegnar som harselerar jamt og trutt med Senterpartiet og Liv Signe.  At han er ein klok mann, og har rett i ein god del, skal eg ikkje motseie.  Men det er den lettvinte måten å handtere fakta på og den sjikanerande og arrogante måten å omtale både distrikta og Liv Signe på, eg ikkje klarer å akseptere.

signe1Sjå på korleis politikarar blir ”underhaldning” og ”stand up”.  Ja, vi må tole at rikskjendisar og politikk blir brukt  i slike samanhengar.  Sjølv ler eg godt av parodien på Liv Signe og Tone i Torsdagskveld frå Nydalen.  Men den siste tida kan du nesten ikkje slå på verken radio eller TV utan at nokon skal vere morosam på hennar og distrikta sine vegne.  Sjå til dømes på Nytt på nytt sist fredag.

No skal vi vakte oss vel for å bli hårsåre og synast synd på oss sjølve.  Det kjem vi ingen veg med. Men la oss sjå utfordringa. ”Mannen i gata” les berre overskriftene og knapt nok det.  Dei les ikkje kronikkar og får med seg heilskapen.  Dei tek ikkje standpunkt ut frå inngåande kunnskap.  Dei aller fleste blir påverka  gjennom TV-ruta og overskrifter i media.  I den samanheng er TV2 kraftigare enn NRK Sogn og Fjordane, VG og Finansavisa langt viktigare enn Firda og Sogn Avis og Oslo sine veljarar veg mykje tyngre på den politiske vektskåla enn nokon titals tusen frå fjordfylket.

signe2Det som skjer med Liv Signe er også ein del av dette biletet.  Det blir aldri meir ”By og land, hand i hand”.  Kampen om ressursane, merksemda og utviklinga blir tøffare enn nokon gong.  Difor treng vi ein skikkeleg og balansert debatt om kva vi vil med distrikta.  Vi treng ein debatt om kva som er verdiskaping og korleis vi skal auke den med utgangspunkt i fakta.  Difor treng vi ein debatt om kva som skal vere framtida til distrikta og samspelet mellom by og land med utgangspunkt i respekt for kvarandre.

Eg er ikkje samd med Liv Signe i alle hennar utspel og  politiske standpunkt, og mykje kunne sikkert vore handtert  og kommentert på ein betre måte.   Men eg har likevel stor respekt for Liv Signe som menneske og politikar.  So takk Liv Signe for energien din, viljen din og alt du har ofra for å vere ein synleg og sterk representant for distrikta!  Stå på  vidare!  Norsk politikk treng slike som deg!

Les også:

Arvidblogg-840La oss fokusere på føremonene våre. La oss stå fram som stolte og offensive. La oss fortelje resten av landet og dei som styrer at det vi driv med i Sogn og Fjordane er framtidsretta, lønsamt og berekraftig. Vi treng ingen almisser. Vi treng å få konkurrere på like vilkår, levelege vilkår og føreseielege vilkår. Difor er nye vegar, fiber, eit godt skuletilbod eller investeringstilskot for den del, ikkje almisser. Det er, rett brukt, investering i framtidig utvikling og verdiskaping. Les Arvid Andenæs sin blogg om framtidsbonden.

handelsblogg840

Framtidas vinnarar er dei som klarer å kombinere rolla som «gammeldags fagmann» med eit personleg forhold til kundane. Tett oppfølging og vere profesjonelt til stades i alle digitale kanalar vert avgjerande.  Framtidas butikkar må skape sitt eige «økosystem», som gjer at kunden blir verande hos dei, enten det er i den fysiske butikken eller i kombinasjon med digitale plattformer og sosiale medier. Det avgjerande er å auke den totale verdien for kunden. Les Gunn Aase Moldestad sin blogg om framtidsretta handel.

Arvid-januar-fjellklatring-840I rusen etter brua
-No er det opp til oss som bur her å vise at dette var ei god investering.
-Husk, brua er berre ei daud ting som ligg der.
-Vi må legge dei små stridighetane til sides.
-Det som gagnar naboen gagnar også oss!
-Berre om vi vågar å prioritere vil vi lykkast.
Les Arvid Andenæs sin blogg om å løfte blikket og samarbeide.