I rusen etter brua

Arvid-januar-fjellklatring-400-No er det opp til oss som bur her å vise at dette var ei god investering. 
-Husk, brua er berre ei daud ting som ligg der. 
-Vi må legge dei små stridighetane til sides. 
-Det som gagnar naboen gagnar også oss! 
-Berre om vi vågar å prioritere vil vi lykkast.

Det er den 17. desember og banken har samla næringslivsfolk, ordførarar og andre interesserte på kroa i Askvoll for å drøfte framtida for regionen.  Fire dagar tidlegare var det folkefest i bygda når brua blei opna.  Er det ”rusen” som ikkje har lagt seg som får forsamlinga til å vere så eintydig offensiv og positiv, eller er det ein reell vilje til å samarbeide?

Når eg på turen heim igjen for fyrste gong køyrer den nye vegen, dei nye tunellane og den nye brua, er dette spørsmålet som kvernar i hovudet mitt.  Eg har blitt skuffa så mange gongar tidlegare.  Vegen frå fine ord og festtaler til aktiv handling er alltid lang, nettopp fordi du ikkje kjem dit utan vanskelege prioriteringar.  Prioriteringar der du både må gi og ta.  Der du må gi slepp på dei små sakene for å bli samde om dei store.  Der du må unne naboen noko for å få noko sjølv.

Arvid-januar-askvoll-250I det eg er ute av siste tunellen og tek fatt på ”gamlevegen” mot Bygstad krev køyringa det meste av konsentrasjonen.  I mitt stille sinn håpar eg ordførar Arve Helle får bommen sin og ferdigstiller vegen som vil gjere kommunane til ein endå sterkare del av bu- og arbeidsregionen i Sunnfjord.

Gleda over den positive stemninga frå Kroa i Askvoll heng framleis i meg.  Tenk om dette også hadde prega debatten på siste fylkesting før jul!  Tenk om dette også var konklusjonen frå tingsetet som er ansvarlege for å sette agenda for fylket si framtid!  På radioen får eg med meg at handballdamene taper mot Serbia.  Kanskje det er ein skikkeleg nedtur som får dei til å vakne?  Er det slik med oss her i fylket også?  Er vi nøgde med å ha det slik det har vore?  Har vi hatt det for godt for lenge? Legg vi ikkje merke til at utviklinga går vidare uavhengig av kva vi gjer?

Eg tek av ved Osen bru og i det eg passerar ein julepynta Åmot Gard kjenner eg igjen på optimismen.  Snakk om å få mykje ut av lite.  Snakk om nytenking og optimisme.  På møtet vårt hadde Eirik Loftheim frå delikatessebutikken i Askvoll stått fram som ein god representant for nettopp dei same verdiane. Torodd Helle fortalde historia om korleis han har endra marknadsføringa av den tradisjonelle Hellekniven og skapt ny vekst og lønnsemd.  Eg merkar eg blir stolt av å kjenne disse folka og disse bedriftene.  Eg skal bruke eit kvart høve til å snakke pent om dei og skryte av dei.  Dette er også kompetansearbeidsplassar!  Dette er også næringsutvikling!

Arvid-januar-hender-250I det eg svingar inn igjen på fylkesvegen på Hjelmeland, ser eg lysa frå flyplassen på Bringeland.  Det minner meg om dei mange debattane rundt strukturar siste åra.  Men med ”Driving home for Christmas” på radioen nektar eg å la mismotet ta overhand.  Sentraliseringskreftene og endringar i maktstrukturane vil utfordre oss i distrikta endå sterkare i tida framover.  Tida for milde gåver er forbi og ropet om distriktsutviklingsmidlar vil drukne i regjeringsbygningane sine enorme korridorar.  Skal vi på besøk dit så hjelper det ikkje med ein ryggsekk full av søknadar om stønad eller rapportar om kor dårleg det står til.  Nei, vi må fylle den opp med gode argument, dokumentasjon på kva vi er gode til, fakta om vår kunnskap og våre fortinn og ein god porsjon sjølvtillit!  Då har vi ein sjanse!

Etter 55 minutt er eg i Førde.  Det slår meg at det er akkurat like lang tid som ein kjenning av meg brukar frå Bærum og til jobben sin i Oslo sentrum.  Eg tenkjer på kor mange som no jobbar i banken og som pendlar frå ulike stadar i fylket.  Eller kor mange det er som køyrer frå Førde til arbeidet sitt på Enoro i Dale.   Tenk kor pendle- og trafikkmønsteret har endra  seg dei siste åra.  Tenk kva muligheiter betringar i infrastrukturen gir for busetting og arbeid.  Difor er det så vanskeleg å forstå at mange framleis ser på utviklinga i Førde som ein konkurrent og ein trussel.  Trusselen ligg ikkje her.

Arvid-januar-handball-250Trusselen ligg i manglande samarbeid og vilje til å prioritere.  Trusselen ligg i å bli for lokale i si tenking og sine prioriteringar.  Trusselen ligg i å ta alle dei små slaga og dermed tape krigen.  Takk og pris for utviklinga i Førde, tenkjer eg i det eg ventar på grønt lys mellom dei store handelshusa og lurer samtidig på korleis sentrum vil sjå ut om nokon år. Blir det mindre bilar, pulserande liv, grøne lunger, eit mangfald av butikkar og opplevingar?  Klarer næringsdrivande og politikarar den vanskelege balansegangen mellom prioriteringar og samarbeid?

Det er mykje å lure på ein slik kveld på tur frå Askvoll til Førde.  I det eg svingar inn på tunet heime på Hornnes kjenner eg at det gjorde i grunn ingen ting at handballdamene tapte.  For vi lærte noko av denne kampen.  Vi må ikkje tru at det som var godt nok før er godt nok i framtida.  Vi må utvikle oss.  Vi må kanskje til og med endre taktikk og spelemønster.  Eg tenkjer at vi skal spele mange ”kampar” her i fylket det komande året.  Skal vi bli noko meir enn kretsmeistarar, må vi ha både rette taktikken og eit samansveisa lag.  Det er i den nasjonale og internasjonale serien vi må hevde oss.  La oss kome i gang med treninga!

Godt nytt år!