Derfor sparar så mange i BSU!

Ungdom i og frå Sogn og Fjordane har til saman over ein halv milliard plassert på BSU-kontoar i  Sparebanken Sogn og Fjordane. Dette er ein vekst på over 60 % dei tre siste åra.

Vi registrerer med glede at ungdom har eit stadig meir bevisst forhold til det å spare til eigen bustad. Mykje av forklaringa til den sterke auken er nok nye krav til eigenkapital ved bustadkjøp som Finanstilsynet har pålagt bankane å krevje.  Men i  tillegg har det  gått opp for mange  at BSU er den aller beste spareforma ein kan ha når ein er under 34 år.

Høg rente og spart skatt
Sparing i BSU er eit lite Kinderegg . Med denne spareforma oppnår du tre ting;
1.Du får svært  god rente på sparepengane
2.Du får skattefrådrag
3. Du legg deg opp eigenkapital til den dagen du skal inn i bustadmarknaden.
For at du skal få nytte av skattefrådraget må du ha skattbar inntekt.

Fleire opnar konto Stadig fleire ungdomar  opprettar konto for bustadsparing til unge. For 3 år sidan hadde i overkant av 7 500 kundar som sparte i BSU –  i dag nærmare 11 000 kundar!  Dette er ein vekst på om lag 40 %.

Vi ser også at kvar einskild sparar meir enn tidlegare. I dag er det i snitt 50 000 kroner plassert på BSU-kontoane. Dette er ein oppgang på 6-7 000 kroner dei siste 3 åra. Naturleg nok er det den eldste aldersgruppa som har spart mest.

Utvida ordning
Regjeringa har i revidert statsbudsjett utvida BSU-ordninga frå 2014. Frå neste år kan ein spare  25 000 kroner i året og til saman 200 000 kroner. Dette er ein oppgang frå dagens  grense på 150 000 kroner. Dette er gledeleg nytt og det er på høg tid at BSU-ordninga vart utvida. Vi håper den blir heva ytterligare, til 300 000 kroner!

Hugs  å fyll på BSU- kontoen i år. Siste frist for dette er 31.desember.

Les også:
På tide å tenkje på framtida?
Ver så god! Her er mine etterlengta bustadtips
Råd til eigen bustad?
Prøv våre kalkulatorar:
Lånekalkulator
Sparekalkulator