Vi gratulerer med El-lab og nytt høgskule-studium!

Nok ein gong har vi saman med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vore viktige bidragsytarar til finansiering av nytt studie i fylket. Denne gongen til det nye elkraftstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Til saman har vi løyvt kr 1,5 millionar. Med dette er studiet fullfinansiert.

Sogn og Fjordane har fantastiske energiressursar, og vi ønskjer å bidra til å styrke fundamentet for ein viktig del av næringslivet i fylket. Med elkraftstudiet tek vi eit sjumilssteg mot å vere sjølvforsynte på kompetanse til å ta energiressursane i bruk. Det er svært viktig at næringslivet engasjerer seg, og det er selskapa SFE og Sunnfjord Energi gode døme på.

Næringslivet i Sogn og Fjordane vil trenge minst 120 nye elkraftingeniørar dei neste 10 åra, i følgje utrekningar energibransjen har gjort. Studiet ved Høgskulen vil mellom anna skje på eit moderne laboratorium som skal sikre at studentane får bryne seg på ingeniørfaget i praksis, og stå best mogleg rusta for det som møter dei. Firda omtalar dette i dagens utgåve.

Denne hausten tok Høgskulen i Sogn og Fjordane i mot det andre kullet med elkraftstudentar i Førde. Det var nettselskapa til Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi som saman tok initiativet til det nye studiet for tre år sidan.

Også fleire andre har delteke i spleiselaget for å få plass dei 12,5 millionane i ekstern kapital til studiet: INU-fondet, Sognekraft, Stryn Energi, Luster Energiverk, Østfold Energi, Elkem Bremanger, NELFO, BKK og E-CO.