Trainee – stort nettverk!

kollega400x400Trainee i Framtidsfylket, høyres ikkje det ambisiøst ut? Det er det òg! Tenk deg eit år der du får vere ein slags student og få arbeidserfaring samstundes. Ikkje berre lærer du mykje om bedrifta, men òg mykje om deg sjølv. I fellesskap med andre traineear får du innblikk i næringslivet rundt om i fylket og du får venskap og nettverk på tvers av fag.

Vi er begge tilknytt traineeordninga til Framtidsfylket og jobbar for Sparebanken Sogn og Fjordane. Heidi var trainee i 2012/2013 og Katrine er trainee i skrivande stund. I ”Banken” får du muligheten til å prøve deg ut på mange kompetanseområde, tilpassa di bakgrunn og dine ynskje. Med hovedkontor i fylket gir det deg sjansen til å jobbe med alt ifrå kundebehandling, bedriftsvurderingar, møte med unge som ynskjer å kjøpe sin første bustad til andre støttefunksjonar som risikostyring, marknadsarbeid og forretningsutvikling. Tek du utfordringar så får du ansvar, så her er det mykje opp til akkurat deg om korleis du vil at året ditt skal bli! Banken har vore pådrivar for Framtidsfylket si traineeordning sidan starten, og har kvart år ein trainee. Med god mentorordning så har du ein som pusher deg og tar vare på deg, saman med utruleg gode kollegaer både på hovedkontor og på lokalavdelingane. Drivkraft i fylket får ein ekstra verdi, rett og slett!

Katrine-Heidi-Reiel400x400Unik sjanse
Å vere trainee er ein unik sjanse til å prøve ut fleire felt for å sjå kva du trivs med. Utan at du er ”stuck” med ei arbeidsoppgave ved å tre rett inn i fast stilling så snart vitnemålet er på plass. I tillegg kan det vere eit lite kultursjokk å flytte heimatt til trivselsfylket etter mange år på universitet eller høgskule, i byar eller utland. Kanskje er ikkje heile venegjengen på plass enda, og kva er vel då betre enn å ha sitt eige traineenettverk med sosiale og lærerike samlingar rundt om i fylket iløpet av ditt første år i arbeidslivet?   Ikkje berre er dei i same situasjon sosialt, men i tillegg ser du at denne gjengen har variert nok kompetanse til at dei kunne ha starta ei fantastisk bedrift saman! Vi har alt ifrå juristar til systemutviklarar i gruppene våre, og har lært mykje om både deira fagfelt og deira bedrifter.

Utfordringar og tankar kan ein dele med dei andre traineeane, og ser gjerne at dette er heilt normale oppfatningar. Med organisasjonspsykolog som følger oss på samlingane får vi bryna oss både individuelt og i grupper, og dette styrker personleg utvikling og samhaldet oss imellom.

heidi2500x2500Heidi
Eg kjem frå Holmedal og var i fjor ferdig med master i revisjon frå handelshøgskulen. På karrieremessa i Bergen møtte eg Janne Marie ifrå Sparebanken Sogn og Fjordane på stand, og fekk eit godt inntrykk av både ho og bedrifta. Deretter søkte eg traineeordninga mot banken og jammen fekk eg denne stillinga. Byrja på avdelinga i Askvoll der eg jobba med kundebehandling, før eg jobba med bedriftsmarknad i Dale. Var òg innom hovudkontoret i Førde på økonomi og risikostyring, blant mykje anna. I dag jobbar eg som kunderådgjevar mot bedriftsmarknaden i Førde og Dale og trivs godt med det.

 

 

katrine2500x2500Katrine
Eg kjem frå Kvammen og er no trainee. Hadde ei bachelorutdanning frå universitet i Stavanger, og holder på med siste året på master i økonomisk styring frå handelshøgskulen på deltid. Eg starta i banken før eg vart trainee, som ferievikar i Askvoll og deretter som kunderådgjevar i Gaular. Vart oppfordra av banken til å søke trainee stilling, slik at eg skulle få betre utvikling. Jobbar no med personkundar og ein del prosjekt knytt mot marknad og strategi. Skal etter autorisering lære meg meir om landbruksøkonomi og bedriftsmarknaden i banken.

Du kjem aldri til å angre
Det einaste krav til å vere trainee er ei høgare utdanning, anten bachelor eller mastergrad. I våre tilfelle har vi lagt opp kvart vårt løp, men har begge same mål. Vi vil vere i traineebedrifta vår! Nytten av å starte som trainee vil følgje oss, med eit breidt nettverk både internt og eksternt. Vi er ikkje redde for å ringe Tor Ivar på risikostyring om vi står fast, eller å høyre med Jenny i Framtidsfylket om ho har tips til ledig jobb til bestevenninna i fylket. Har vi ein kunde som ynskjer å starte eiga bedrift, ja så kjenner vi nokon i Innovasjon Norge. I tillegg har vi større forståing for korleis organisasjonen vi lev i fungerer, og kjenner oss godt rusta mot dei aller fleste utfordringar som skulle dukke opp. Vi vil anbefale alle som har litt guts til å søke som trainee, anten det er her hos oss i banken eller i ei anna bedrift i fylket, til å søke Framtidsfylket. Du kjem aldri til å angre!

Lyst å bli trainee du også? Sjå ledige traineestillingar!

Les også:
Styrer desse banknorge i morgon?