Identitet – kjensler for den bygda vi bur i

2012-11-13 Førde turn-175Nordmenn elskar sport.  Av og til kan flotte vinterhelgar gå fløyten fordi TV pøser på med skøyter,  ski,  og mykje meir.  I Sogn og Fjordane er vi truleg meir idrettsfokusert enn dei fleste.  Og ikkje berre sport; folket i kulturfylket er også opptekne av musikk, dans, teater, 4H, og mykje meir.

Skal dette gå rundt, er nøkkelordet friviljug innsats.  Dugnad.  Sparebanken Sogn og Fjordane  publisert for nokre år sidan undersøkingar som viser at det i fylket vårt er utført 2900 årsverk friviljug og hovudsakeleg ubetalt arbeid pr. år.  Verdien av arbeidet kan ein berre å gange ut med ei gjennomsnittleg løn, og resultatet er formidable 1,5  milliardar kroner!

Milliardinnsats – utan å mukke?
Kvifor er vi så engasjerte av idrett og anna som føregår i nærleiken av oss at vi utan å mukke legg ned ein slik milliardinnsats heilt gratis? Det må vel ha mykje med identitet å gjere, og kjensler for den bygda ein bur i.  Vi veit som sagt at idrett fengjer veldig mange, og at det store fleirtalet har eit forhold til sport.  I Gloppen er f.eks 70 % av alle innbyggarane medlem i eit idrettslag.

Stolte fordi vi ”kjenner” dei
Finst det i nærmiljøet ein idrettsutøvarar som gjer det godt i konkurransar, vert interessa og tilknytinga enno større.  I Gloppen skapte Odd Bjørn Hjelmeset stor entusiasme for vinteridrett.  Nasjonalt har Magnus Carlsen fått unge og gamle til å ta aldeles av på sjakkbrettet.  Kvifor?  Jo, fordi vi identifiserer oss med dei lokale, vi er stolte fordi vi ”kjenner” dei.  Og vi er stolte av Magnus Carlsen fordi han høyrer til oss,han er norsk, og vi ”kjenner han”.

”The winning team”
Då er kanskje heller ikkje vegen lang for sjølv å gå ut å gjere ein innsats for dette som vi er så opptekne av.  Det vert lett å gjere dugnadsarbeid, og ein vert ein del av laget.  Det er alltid spennande å vere med på  ”The winning team”.

Alltid meiningsfylt
Men ikkje alle vert nasjonale heltar, og er det det då like lett å få til lokal entusiasme og engasjement?  Ja, det trur eg faktisk.  Å vere i ein organisasjon der ein får jobbe med born og ungdom er alltid meiningsfylt.  Dei yngste er ivrige, dei vil lære, og det er full fart.  Enten det er  å trene fotballpasningar, øve høgdehopp, lære seg dans på kulturskulen, eller  å spele i skulekorpset, så er iveren på topp.  Då vert også lags- og dugnadsarbeid utruleg gjevande for dei som er med å legge til rette!

Alle vert vinnarar
Eg tur også at vi er komne så langt i «utviklinga» at vi greier godt å heie på konkurrentane i naboklubbane.  Vi ser at dei er opptekne av det same som oss; aktivitet og positive tiltak. Då får ein også til noko som kjem enno fleire til gode, og alle vert vinnarar.  Eit samfunn med berre vinnarar må vere eit utmerka resultat av og for lokal forankring, dugnadsånd og massevis av engasjerte lags- og organsisasjons-entusiastar!

Eg vil også påstå at støtta vi får til arbeidet for born og ungdom gjennom t.d. Sparebankstiftinga og andre, gjev optimisme i kvardagsarbeidet.  At ein fylkesdekkande institusjon som Sparebanken Sogn og Fjordane bryr seg om både små og større prosjekt innan idrett, kultur og anna lagsarbeid er svært viktig for alle dei som engasjerer seg for felles, friviljug aktivitet i fylket.