Spare litt og reise meir!

Berit-og-Festus«Når eg blir 66 først da tar livet til», syng Wenche Myhre. Men det er no frykteleg lenge til, gitt! Eg er langt ute i dei glade 50-åra, og kjenner på at livet det må levast no. Vi må aldri slutte å drøyme og legge planer for framtida, men gjerne med litt kortare perspektiv, enn då vi var 20. Eg dagdrøymer om turar til Rivieraen kvart år, med mann og hund, og gjerne barn og svigerbarn, og det skal vi få til!

No har dei 3 gutane våre forlate reiret, og er nærmast ”framfødde”, som det heiter, og då må det vere lov å bruke litt meir pengar på seg sjølv. Det er mykje mindre daglege utgifter, når hushaldninga er redusert frå 5 personar, til 2 + ein hund. Difor har eg ingen god grunn til å la vere å spare litt.

Gjer sparinga enkel
Det seier min kollega Gunnar Heggheim på investeringssenteret, og det passar meg utmerka. Når eg først har oppretta fast sparing i bank eller fond, tikkar pengane inn av seg sjølv kvar månad. Gunnar føreslår 3 sparepakkar i fond: DNB Aktiv 30, 50 og 80, alt etter kor lenge vi vil spare. Eg vil heilt klart satse på den kortaste sparehorisonten – DNB Aktiv30.
Les meir om sparepakkane.  Sjå og les bloggen til Gunnar –Viser ikkje på radaren ein gong.

BeritogFestus400Det gode liv i Nice
Vi har vore ein ”grekofil” familie i over 20 år, og kvart år i mai har turen gått til Rhodos. Men etter nokre haustferiar i Nice, er vi no blitt veldig ”frankofile” og! Litt over to timar med fly frå Flesland, så er vi midt i sol og sommar langt uti oktober, og Rivieraen er så flott! Det var ikkje tilfeldig at vi valde ein liten Jack Russell- terrier, då vi kjøpte hund i sommar. Vesle Festus kan bli med oss inne i flyet til Frankrike, og makan til hundevenleg samfunn, skal vi leite lenge etter.

Eg har bursdag i slutten av september, og dei 2 siste åra har eg feira dagen i Nice. Om nokre år bikkar eg 60, og då vil eg gjerne ha med meg heile storfamilien ned til Rivieraen, så her er det berre å byrje å spare. Så får eg ynskje meg snille barn, mann, hund  og god helse til bursdagen – slik at draumen kan bli ein realitet.

Sjå og kollega Mette sin blogg:  Burde kanskje, skulle gjort, skal?