På tide å tenkje på framtida?

Bustad. Du synes kanskje at det er for tidleg å tenkje på kva hus du vil ha som vaksen. Kanskje du rett og slett synes det er for tidleg å tenkje på framtida? Men er det eigentleg det? For å kunne kjøpe deg ein bustad i framtida må du ha spart ein viss sum pengar -alt etter kva størrelse du vil ha og kvar du vil bu. Faktisk så må du ha 15% eigenkapital berre for å ta opp lån. Då er det kanskje ikkje så dumt å starte og spare allereie no?

17 år – ulik økonomi
Mitt namn er Amalie Djupvik og eg vil gjerne vise deg nokre eksempel på korleis du som ungdom kan spare og kva sparing som passar best for deg. Eg og venninna mi Sandra Valvik er begge 17 år. Sjølv om vi har heilt ulik økonomi, har vi begge starta å tenkje på framtida vår. Vi har nemleg skaffa oss BSU og Bustadsparekonto.

Amalie – betalar ikkje skatt
Eg starta både BSU og Bustadsparekonto allereie for 1 år sidan. Eg har skaffa meg jobb som  ekstrahjelp på CMYK, og tener rundt 2000 kr i månaden på å ta nokre vakter der. Dette vil seie at eg tener under frigrensa og slepp difor å tenkje på skatt. På Bustadsparekontoen er det ikkje skattefrådrag. Difor passar Bustadsparekontoen best for meg og min økonomi. I tillegg bur eg heime, så mamma og pappa dekkjer det meste av utgiftene mine. Det eg brukar mine eigne pengar på er gjerne litt mat i kantina på skulen, nye klede og ein frisørtime frå tid til anna. Då har eg mellom 500 og 1000 kr igjen i månaden som eg set inn på Bustadsoarekontoen min. Eg kan sette inn inntil 30 000 kr i året på kontoen,  heilt til eg har sett inn 300 000 kr totalt.

Når eg ein gong i framtida startar å tene meir pengar og går over skattegrensa, kan eg overføre pengane eg sparte på Bustadsparekontoen til ein vanleg BSU konto. Då får eg skattefrådrag på pengane som blei sette inn mens eg var under skattegrensa.

Sandra – betalar skatt
Venninna mi Sandra har nettopp starta BSU konto. Ho jobbar på H&M etter skuletid, og tenar rundt 6000 kr i månaden. Sandra tenar over frigrensa, og må betale skatt på det ho tener. Ho flytta på hybel då ho begynte på vidaregåande, og må difor bruke ein del pengar på daglegvarer. I tillegg er ho glad i film og musikk, så abonnement på både Spotify og Netflix er også ein del av utgiftene hennar. Sparing er viktig og difor set ho av nokre hundrelappar i månaden til ein seinare bustad gjennom BSU. Sidan Sandra betalar skatt passar den vanlege BSU best for henne, då kan ho nemleg få inntil 4000 kr i skattefrådrag i året.

På BSU kan ein sette inn 25 000 kr i året. Alle pengane Sandra har sett inn på kontoen får ho god rente på. BSU kontoen er full når saldoen er 300 000 kr. Om Sandra vil spare meir til bustad, kan ho opprette ein Bustadsparekonto i tillegg.

Når vi skal kjøpe oss bustad er det godt å ha ein BSU-konto med oppsparte pengar på. Då kan vi velje mellom å bruke pengane frå BSU kontoen til å kjøpe bustad eller å betale ned bustadlånet.