Matfylket

Arvidblogg-400-1La oss fokusere på føremonene våre. La oss stå fram som stolte og offensive. La oss fortelje resten av landet og dei som styrer at det vi driv med i Sogn og Fjordane er framtidsretta, lønsamt og berekraftig. Vi treng ingen almisser. Vi treng å få konkurrere på like vilkår, levelege vilkår og føreseielege vilkår. Difor er nye vegar, fiber, eit godt skuletilbod eller investeringstilskot for den del, ikkje almisser. Det er, rett brukt, investering i framtidig utvikling og verdiskaping.

Vi står ved eit vegskilje. By mot land, eller hand i hand? 80 prosent av Norge kan du definere som «distrikta». Men snur vi på det og ser på folketalet, blir det omvendt. I kampen om investeringsmidlar, velferdstiltak og næringsutvikling er det lett å sjå at vi kan tape denne kampen. Om ein då ikkje klarer å sjå heilskapen og ser at vi treng kvarandre. Ikkje minst i eit langsiktig, verdiskapande og berekraftig perspektiv. Eg håpar verkeleg at vår nye regjering maktar det, og eg vonar at Stortinget ser dette og er sitt ansvar bevist. For vi står ved eit vegskilje og skiltinga er utydeleg.

Den tida då vi kunne rope på distriktspolitiske verkemiddel trur eg snart er forbi. La oss heller innstille oss på ein ny kvardag med fokus på kva vi skaper og kva vi er best til. Difor vil eg denne gongen sjå på fylket so matprodusent. Då grip eg også fatt i eit viktig og positivt utsegn frå regjeringserklæringa, sjølvberging. Dette er eit argument som folk flest etter kvart forstår. Men dei siste åra har vi sett fallande produksjon og arealavgang. Den påtroppande regjeringa må snu denne utviklinga om dei skal sikre norsk matproduksjon og råvaretilgangen til industrien. Utan å kunne dokumentere det vågar eg å hevde at Sogn og Fjordane er det fylket i landet som produserer mest mat i forhold til folketalet.

Arvidblogg-400-2La oss starte med fiskeria på kysten. Vi har ein fiskeflåte som er av dei største og mest moderne i landet om vi reknar kystnot og lineflåten. Samtidig er det desse som har det mest berekraftige fiskeriet og tek best vare på råstoffet. Vi har framleis fiskeribedrifter igjen både på Bulandet og i Kalvåg. Vi meklar laks til heile verda. Laks som for ein stor del også er produsert i fjordane våre av dyktige oppdrettarar. Med ny teknologi og forsvarleg forvaltning er potensialet mykje større enn det vi så langt har tatt ut.

Sig vi inn gjennom fjordane kjem vi til bygder som i generasjonar har kledd fjordlandskapet med frukttre, bærbuskerog plantar. Klima er minst like godt som i Hardanger og potensialet er mykje større enn det som er tatt ut. 208.000 kilo morellebær frå Lærdal i år var ikkje nok til ein gong å dekke den innanlandske etterspurnaden. Under Matamål i fruktbygda Gloppen smilte plommeselgarane og kjøparane om kapp med sola, sjølv om prisen var 50 kroner kiloet. Også eit lite bilde på potensialet i næringa.

Arvidblogg-400-3Så kjem vi til landbruket. Gjennom dei siste 10 åra har utviklinga vore formidabel. Omstilling skjer i alle næringar, det må også gjelde landbruket. På langt nær alt er positivt, men eg er imponert over mykje av det som har skjedd dei siste 10 åra. Og det er dette debatten må handle om. Omstilling, utvikling og verdiskaping. Korleis vi best skal utnytte den verdifulle matjorda og dei grøderike beitemarkene til produsere nok mat, god og variert mat. Om korleis norske bønder skal få tilbake yrkesstoltheita og respekten dei fortener. Nettopp difor skal vi sette krav til Stortinget gjennom å fokusere på verdiskapinga i landbruket og kor viktig matproduksjon er i eit større perspektiv. Det perspektivet er det vi sjølve som må halde opp og fram. Den tabloide pressa vil heile tida trekkje det ned til ein debatten om utvale i ostedisken og forskjellen i pris på bacon i Norge og Sverige. Fylket har enorme moglegheiter til å både utvikle og auke matproduksjonen innan alle desse næringane eg så langt har nemnt. Eg ser også ei rekkje blomstrande miljø innan landbruk og hagebruk. For miljø er viktig. Berre spør entusiastane i samvirket Lærdal Grønt. For ein einsam bærdyrkar, saue- eller mjølkebonde er sjeldan lykkeleg og framtidsretta. Vi treng fleire utøvarar i eit sterkare geografisk og fagleg fellesskap. Difor er samarbeid så viktig både produsentar i mellom, men også inn mot industrien som skal foredle råvara. Denne industrien er også stor, ikkje berre i fylket men også i nasjonal målestokk. Tine på Byrkjelo produserer mesteparten av kvitosten i Norge. Nordfjord Kjøtt i Loen omset for over 2 milliardar kroner. Nortura i Førde er landets største produsent av fårekjøtt, og Lerum Fabrikker i Sogndal er ein leiande produsenten av saft og syltetøy. Men la oss minne både Erna og Siv om at utan livskraftige produsentar, heller ingen næringsmiddelindustri.

Og til slutt ein sveip innom alle dei lokaleprodusentar av kvalitetsprodukt, anten vi snakkar om kjøtt, saft, øl, fisk eller andre delikatesser. Mange av desse har gått frå å vere hobbyprodusentar til i dag å drive betydelege og lønsame verksemder. Endeleg ser dei ut til å få løn for årelang tolmodig innsats. Samanhengane er faktisk ganske enkle så sjå. Utsøkte råvarer, handsama med kløkt og varsemd. Til slutt ein marknad som har fått auga opp for kvalitet og særpreg. Vi har så ufatteleg mykje å vere stolte av. Her er så mange å framsnakke. Dette fylket er ikkje å kimse av! Vi sit på ressursar som vi skal forvalte betre enn nokon andre til glede for oss sjølve og framtidige generasjonar. Vi ser heilskapen og verdiane. Vi må synleggjere det endå sterkare slik at styresmaktene også ser at primærnæringane og næringslivet i distrikta er ein viktig berebjelke i ei balansert og berekraftig utvikling.