Netthandel – berre ein trussel?

handelsblogg400-1Det er snart jul. Ikkje for dei fleste av oss, men innimellom høyrer eg kollegaer og vener fortelje at dei alt er ferdig med julegåvene.  Nokre har handla julegåver på sommarferie i utlandet, andre likar å handle alt på nett frå sofaen heime. Eg, derimot, er ein av dei som må vere litt i julestemning før kredittkortet går seg skikkeleg varmt. Eg er langt derifrå, med det klare haustveret vi har vore velsigna med denne hausten  – eit syn og fargespel som berre naturen sjølv kan skape.

For handelstanden derimot er julesalet like rundt hjørnet. Julemarsipan og  julepynt er alt på plass i butikkane. Dei siste vekene har vi kunne lese i media om bråstopp i handelsveksten og krisestemning i faghandelen. Fleire ekspertar trur på massiv butikkdød. Butikkar innan sportsutstyr, bøker og telekommunikasjon vert framheva som dei mest utsette bransjane. Dette er ikkje nytt, men minner oss om det  som skjer rundt oss. Årsakene er fleire; overetablering, shoppingreiser til andre land og sist, men ikkje minst netthandel. Marknadsanalytikar Reidar Mueller (Hartmark Consulting) trur fleire tusen butikkar vil vere sanert vekk innan 2018. Dette betyr kroken på døra for ein av tre.

Vender vi blikket innover til fleire av tettstadene i vårt eige fylke veit vi at m.a. Førde er ein tettstad bygt opp rundt detaljhandel og er  kanskje den mest sårbare tettstaden i fylket i eit slikt scenario. Vi snakkar om mange arbeidsplassar. Dette i seg sjølv bør gi hovudpine for både politikarar og andre som har ansvar for næringsutvikling.

Det finst likevel håp i alle bransjar. Også innan faghandel finst det spennande mulegheiter. Retail Institute Scandinavia har forska på korleis framtidas butikk vil sjå ut. Ein av dei sterkaste trendane er konseptet e-handel i den fysiske butikken. Amerikanske Fanzz er eit av fleire døme, der det er installert skjermer med tilgang til over 500.000 sportsartiklar. Danske Vero Moda og giganten Hennes og Mauritz føl etter. Det gjer også møbel- og interiørkjeden Bolia, som har 12 fysiske butikkar i Norge og som heilt sidan starten  har hatt eit medvite fokus på netthandel i butikk.

handelsblogg400-2Eit lokalt døme er Måløy Glassmagasin. Dagleg leiar Amund Gotteberg heldt eit inspirerande foredrag under årets konferanse i IT-forum i Balestrand i førre månad. Han fortalte om si erfaring med etablering av netthandel i butikken.  Han opplevde kjedeavtalen som ei tvangstrøye og sa opp denne. Han er utelukkande positiv til satsinga si og trekkjer fram fordelane. Han får framleis vere fagmann, får marknadsføre både den fysiske og digitale butikken sin og når eit større publikum. I tillegg har han kontroll over varelageret sitt og dermed også kostnadene.

Framtidas vinnarar er dei som klarer å kombinere rolla som «gammeldags fagmann» med eit personleg forhold til kundane. Tett oppfølging og vere profesjonelt til stades i alle digitale kanalar vert avgjerande.  Framtidas butikkar må skape sitt eige «økosystem», som gjer at kunden blir verande hos dei, enten det er i den fysiske butikken eller i kombinasjon med digitale plattformer og sosiale medier. Det avgjerande er å auke den totale verdien for kunden.

Eg vaks opp i butikkhyllene i radio- og tv forretninga til foreldra mine på Byrkjelo og har sjølv kjent utviklinga på kroppen. Foreldra mine overlevde eit tomanns føretak i ein svært tøff elektronikkbransje, gjennom meir enn ein generasjon med giganten Elkjøp. Mang ein gong opplevde foreldra mine at forretninga var showroom for ein marknad som etterpå reiste ut av bygda eller på  nett og handla. For deretter å kome tilbake når ei pære eller ein sikring skulle skiftast, eller dei trengte hjelp til å kome i gang med den nye TV`en. Deira strategi og konkurransekraft når driftsmarginen etter kvart vart meir og meir redusert, var å aldri bøye av når det gjaldt fagkunnskap, service og pleie ein marknad som ikkje jaga pris åleine. Det var her lønsemda låg. Eit breitt varesortiment var også viktig. Kanskje viktigast av alt;  Eg hadde ein far som stilte opp 24/7 – også på dei raude dagane i kalenderen. Det står respekt av slikt, men likefult avgjerande for å overleve.

handelsblogg400-3Framtidas butikk er sjølvsagt ikkje for alle. Poenget er at dagens detaljbutikkar må realitetsorientere seg.  Det blir stadig meir avgjerande å  følgje  med på kundebehov og skiftande konkurransedynamikk. Også det faktum at ungdom ikkje finn detaljhandelen attraktiv som  leveveg, er ein trussel i seg sjølv. Undersøkingar viser at ungdom stiller krav til m.a.  teknologisk utvikling og sosialt miljø på ein arbeidsplass.

Sjølv om mykje av ansvaret ligg hos næringa og hos kvar enkelt faghandlar, har eg  likevel ei oppmoding til folket om å tenkje seg litt om før kredittkortet går seg varmt i nettbutikkane. Vi har eit vareutval i fylket som er mange gongar større enn folketalet skulle tilseie. På kort sikt betyr det mykje for eit lokalsamfunn å ha eit godt utval av butikkar. Sjølvsagt skal vi ikkje handle lokalt for ein kvar pris, dersom verken vareutval, service eller prisen er tilfredsstillande.  Eg oppmodar likevel om å sjå verdien det er å ha dette tilbodet lokalt, sjølv om vi av og til må betale litt meir for vara.

I lys av dette tek Sparebanken Sogn og Fjordane også her eit samfunnsansvar. 7. november  inviterer vi og Byen Vår Florø handelsnæringa og lokalbefolkninga til foredraget «Dønn ærleg – litt ditt» med Rasmus Mo i Flora samfunnshus. Bodskapen er ansvaret lokalbefolkninga har, men også kva ansvar handelsstanden sjølve har i å rigge seg til framtidas butikk.