Nye klede – no igjen

Eg trekkjer pusten og nyt den friske haustlufta. Sommaren er definitivt over, og t-skjorte er bytta ut med tjukk jakke og skjerf.

Barna har vokse minst ein størrelse sidan i fjor, så nye klede må handlast inn. Vi er heldige og arvar litt brukte klede av kjende, men likevel er det ein del som må kjøpast nytt.

Klok av erfaring lar eg barna vere heime, og prøver å vere effektiv. Ull, regnkle, og sko for fleire typar  vêr må til. Med to små i hus, blir desse sesongutgiftene fort store. For at det ikkje skal påverke den daglege økonomien for mykje, lønnar det seg å planlegge litt.

Sesongutgifter
Eg har oppretta eigen rekningskonto for alle faste utgifter. Her set eg inn eit fast beløp kvar månad som skal dekke huslån, straum, forsikring og andre faste utgifter. I tillegg set eg av litt ekstra for å bygge opp ein buffer i tilfelle uforutsette utgifter. Dersom vaskemaskina blir øydelagd, gir det meg ein ekstra tryggleik å vite at eg har pengar til å ordne dette, i staden for å måtte ta opp dyre forbrukslån. Rekningskontoen er også god å ha til ovannemnde sesongutgifter som klede og utstyr til barna.

I nettbanken kan du få oversikt over kva du brukar pengar på. For mange er mat ein stor utgiftspost. Ein handlar gjerne rett etter jobb, og når ein er svolten, er der ikkje grenser for kva behov som melder seg. Etter tips frå ein kollega, har eg begynt å planlegge middagane, og handlar berre ein gang i veka. Med dette sparar vi både tid og pengar. Eg trur faktisk vi et litt sunnare også.

Gode vanar 
Eg ønskjer også at barna mine skal få gode vaner. Eldstemann på 4 år synes det er kjekt å putte pengar på sparebøssa. Når han tømmer denne i banken, får han ei fin gåve. Sparebøssa kan vere med på å lære barna verdien av å setje pengar til side, slik at ein kan kjøpe seg noko fint og meir verdifullt seinare.

Når han blir litt eldre, kan han spare ein del av bursdagsgåver og vekepengar. Dersom han sparar til noko han ønskjer seg, har han eit mål som motiverer, og han lærer å vere tolmodig. Det er viktig å begynne tidleg for å gi barna eit bevisst forhold til pengar og økonomi.