Over 20 000 kroner for ein ny baby?

Eg las her ein dag at vordande foreldre i gjennomsnitt brukar 3 400 kroner i månaden på babyutstyr dei siste 6 månadane før fødsel. Det vil seie heile 20 400 kroner totalt. Det må då vere mogleg å få baby for ein billegare penge?

Er du ein av dei som klør deg i hovudet og lurer på kva du treng og ikkje treng, og kor du kan spare inn nokre kroner?

Noko nytt og noko brukt?
Vogn og bilstol er av dei tinga som kanskje kan vere greitt å kjøpe nytt. Trygg trafikk og bilstolprodusentane anbefaler ikkje å kjøpe bilstol brukt, i alle fall dersom du ikkje er sikker på kva for ei behandling stolen har fått. Når det gjeld vogner, så florerer det med ulike modellar på marknaden, du må ta stilling til kva terreng du skal gå i, kor stor vogna skal vere, kor lenge den skal vare og om den skal mykje inn og ut av bil. Passar den i heile tatt inn i bagasjerommet? Kanskje planlegg du fleire barn og vil ha ei vogn, eller ein bilstol som varer så lenge som mogleg. Kjøper du nytt, så kan det vere greitt å begynne tidleg og følgje med i butikkane. Kanskje kjem fjorårsmodellen til redusert pris? Enkelte butikkar tilbyr også pakkeløysingar med babyutstyr, eller litt rabatt om du kjøper mykje på ein gong. Spør!

Ei fint brukt vogn kan du dessutan få selt til ein ganske god pris når du ikkje treng den lenger.

Tenk praktisk
Når det gjeld klede så kan det, spesielt for førstegongsforeldre, vere lett å gå i den fella at du kjøper for mykje av det du seinare vil oppdage er veldig upraktiske klede. Søte kjolar og stilige dongeribukser er kjempe koselig å kjøpe, men er det praktisk nok til at det blir brukt? Her er nok det luraste å kjøpe inn mest av basisplagg, slik at du har til å hjelpe deg i starten – og heller kjøpe inn etterkvart. Elles får ein gjerne mykje klede i gåver den første tida, og babyen veks fort, så store mengder er ofte unødvendig.

Ein baby som veks fort rekk ikkje å slite så veldig mykje kle – høyr med slekt og vener om dei har noko du kan arve, eller låne. Ein god flekkfjernar kan forresten spare deg for ein del bruk og kast.

Puss opp brukt!
Er du kreativ, så kan du jo kjøpe eit brukt stellebord som du pussar opp? Kanskje berre ein vanleg kommode? Ny stellematte, litt måling, og vips så har du eit møbel som ingen andre har. Ein brukt tripp-trapp stol kan bli veldig fin med litt spraymåling i ein sprek farge. Tenk litt utanfor boksen!

Vent til du treng det
På nettet finn du mange nyttige lister over utstyr som kan vere godt å ha i starten, men desse er gjerne veldig detaljerte. Det som nokre foreldre ikkje kan vere forutan, kan gjerne vere heilt ubrukeleg for deg. Då kan det rett og slett vere greitt å vente med å kjøpe til du ser om du treng det. Kanskje treng du ikkje ammeputa, brystpumpa, bereselen, babycallen og leikegrinda? Sjå det litt an, butikkane er der etter fødsel og!