Frå draum til plan

Studieretning er bestemt. Vegen frå hit til dit er open. Det er august og ny start. 120 000 har søkt høgare utdanning i Norge i år. Kva skal til for å få pengane til å vare lengst mulig?

Vi har spurt nokre studentar for gode råd, slik at du ikkje treng å gjere alle erfaringane sjølv. Lista er lang. Eg har handplukka nokre til deg. Følg med!

Shoppingtips
Mat er viktig. Ha eit eige matkort som du overfører pengar til kvar månad når lån og stipend kjem. For all del kast aldri mat! Middag i dag er lunsj i morgon. Kjøp mat i kvantumspakkar. Rissekk frå «asiabutikkane» mettar lenge.

Bur du i kollektiv med gode vener; del garderobe, og du får fleiredobla garderoben din. Skal du kjøpe klede,  kjøp klede som kan kombinerast med det du har og kan brukast til mykje. Du treng ikkje kjøpe heile butikken. Ein singlet kan vere det som skal til. Og å handle på sal = lurt.

Smarte ekstra jobbar
Tid til ekstrajobb under studiet kan vere krevjande, men kva med å tenkje litt annleis? Aerobicinstuktør er pengar og trening i eitt. Som seminarleiar kan du undervise i dei faga du alt har tatt og utvide kompetansen din. Vinn, vinn og vinn.

Få tilslag på hybel
Ta med ein mini plakat med bilde av deg sjølv og noko tekst som understøttar kvifor du er den ultimate leigebuar. Skil deg ut frå dei 50 andre på visning. Hugs å skriv kontrakt når hybelen er din!  Ikkje betal depositum til utleigar sin konto. Det skal settast på ein sperra konto i ditt namn og vere maksimalt seks månadar husleige.

Surrehode eller uheldig?
Sjekk forsikringane dine. Du eig mykje meir enn du trur. Ta bilde av alt frå kjøleskap til smykker, så hugsar du kva du har.

Om studiet ditt er valt med hjartet eller forstanden, eller ein stad midt i mellom, så kan du med gode planar realisere ein kvar draum. Begynn med det same. Lykke til!

Smarte produkt
Mobilbank
BSU
Depositumskonto
Forsikring