Festus – mi nye sparebøsse

Kan ein liten Jack Russell Terrier fungere som sparebøsse? Ja, utan tvil, seier eg. Etter at vi fekk vårt vesle sjarmtroll, Festus, på 3 månader inn i heimen i juni, har eg faktisk spart ein god slump med pengar. Shopping, hyppige kafebesøk og utanlandsreiser er ikkje-tema i desse dagar.

Sjølv om kvalpen kosta eit 5-sifra beløp å skaffe seg, så blir det ei god investering på sikt, slik eg ser det no. Det er ikkje så enkelt å stikke innom ein eller annan kafe i sentrum lenger, for overalt møter vi ”Forbode med hund”-skilt på kjøpesentera. Her finst rett nok eit par stader med uteservering, men med den kjølige sommaren vi har hatt hittil i år, så er ikkje det noko alternativ.

Eg har høgt utvikla shoppinggener, og har tidlegare vore hyppig gjest på sentera. Då kjem eg alltid heim att med diverse nye antrekk, både som er til glede, men og fleire som blir til ”skapfyll”. Det har blitt andre bollar denne sommaren! Festus er for liten til å vere åleine enno, så då kjem faktisk shopping langt nede på lista.

Sist, men ikkje minst – reiselysta vår ligg på vent, og ingen utanlandsturar er bestilte det neste halvåret. Heilt ulikt oss, seier slekt og vener. Så no ser vi fram til 3 veker sommarferie i nærmiljøet, med ein liten krabat full av utforskartrang og glede over å vere ute i skog og mark.

Difor har eg oppretta ein sparekonto i nettbanken min, og gitt den namnet Festus. Kvar gong lysta på shopping og kafebesøk melder seg, set eg inn ein slump pengar på denne kontoen. Det gjer eg kjapt og greitt i Mobilbanken, før ”byga” går over.

Synd eg er for gamal til BSU og Bustadsparekonto, forresten, for der sette vi opp renta nettopp til hyggelege 4,75% eff.rente.  Men det går greitt med ein Sparekonto høgrente , og her vil det nok bli ein pen slump etter kvart.